«No tek fellesskapet kostnaden med ein broten arm, men ikkje ei knekt tann»

Illustrasjonsfoto 

Meninger

Dette lesarinnlegget er skrive av Asbjørn Geithus, medlem i Raudt.

Raudt kjempar for tannhelse for alle

Noreg har lenge hatt økonomisk vekst, og det har vorte rom for at det offentlege tek ansvar på mange felt. Eg er fødd i 1944. Eit personleg minne; ei bestemor hadde kår på garden, og levde trygt. Kvar tredje månad fekk ho pengar i posten, 90 kroner i alderstrygd. Altså ei krone dagen. Då vart det fest. Besta kjøpte både sjokolade og tebrød. To bestevener-systrer kom på besøk. Underhaldninga sytte dei for sjølve. Besta spelte munnspel, ei spelte på kam og ei song. Mest gudelege songar. Bror min og eg var også innbedne til det søte liv.

Alderstrygda auka med kvart. Det offentlege bygde ut skuleverket; 7-årig gratis folkeskulef or alle. Distriktsdoktaren dekte alle og kosta lite. Og alle kommunar hadde offentleg tannlege. Sidan den gang har offentleg velferd auka mykje. I ein del land har høgrekreftene styrkt seg, og dei arbeider intenst for at mest mogeleg skal produserast av private firma, som så sel det dei produserer på ein marknad. Dette såkalla nyliberale systemet fører til auka skilnader mellom folk. Erna har hatt skattelette på toppen av prioriteringslista i alle sine regjeringsår. Ein stor del av skatteletten har gått til dei rike.

No har barn opp til 18 år gratis tannlege. Dei som er 19 og 20, får dekka 75 prosent av rekninga. Vaksne over 20 år skal i utgangspunktet dekkje tannlegerekninga sjølv, men ein del utsette grupper får den dekka. Både SV og Raudt står for at tannhelse skal dekkjast av det offentlege på same måte som resten av kroppen. No tek fellesskapet kostnaden med ein broten arm, men ikkje ei knekt tann.

Valet til hausten vil verte avgjerande for kva tannhelsetenester det offentlege skal syte for, og kven som skal ha rett til gratis tannbehandling. Ap og Sp vil ha ein forsiktig auke i offentlege utgifter til tannhelse. SV og Raudt større auke. Og Raudt klårt mest.

Finansdepartementet har rekna ut at å innføre same gratissystemet for tenner og med same eigendel som for kroppen elles vil koste mellom 6,4 og 7,8 milliardar årleg. Mindre enn Erna gjev dei rike i skattelette. SV og Raudt ønskjer ei rask innføring finansiert med auka skattlegging av dei rike, medan Ap og Sp vil gå meir gradvis fram.

Eit fleirtal av veljarane meiner skilnadene har vorte for store i Noreg. Arbeidsledige, studentar og uføre kjem særleg dårleg ut. Raudt har slagordet: Kamp mot forskjells- Noreg. Etter åtte år med Høgre i regjering kan det verte eit vendepunkt. I sine framlegg til alternativt statsbudsjett for 2021 sette Ap av 250 millionar kroner og SV 433 millionar kroner til å gjere tannbehandling billegare. Raudt sette av 2985 millionar, nesten tre milliardar. Raudt har prioritert tannhelsereform klårt høgast av alle partia i budsjettbehandlingane i Stortinget over fleire år. Fleire parti snakkar om at tannhelse må behandlast på linje med andre helsetenester, men utan å følgje opp med tiltak og pengar.

Dei rike har i fleire år fått ein auka del av verdiskapinga. Skattelette er ein viktig grunn til dette. Raudt vil auke skattane for de rikaste, med skatteauke for dei med inntekt over to millionar, dei med formue over ti millionar eller arvebeløp over fem millionar. I Raudt sitt budsjett får ein dette til utan å auke oljepengebruken. Folk som tener under 600.000 kroner årleg, vil ikkje få auka skatt. Dei med inntekter mellom 600. og 750.000 kroner vil årleg få 2300 kroner meir i skatt på inntekt. Med ei ny regjering vil det verte ei tannhelsereform.

Styrkeforholdet mellom partia vil avgjere kor rask og kor omfattande vekst tannhelsetenesta får. Mange i Noreg har ikkje råd til å gå til tannlege. Det er skammeleg i vårt rike land. Dårleg tannhelse reduserer livskvaliteten for mange. Raudt satsar sterkt på ei betre offentleg tannhelse.