«Skjedde det ein glipp, Erling Sande?»

Geir Oldeide og Rita Tonning, stortingskandidatar for Raudt i Sogn og Fjordane.  Foto: Privat

Meninger

Dette lesarinnlegget er skrive av Geir Oldeide, fyrstekandidat for Raudt, og Rita Tonning, andrekandidat for Raudt.

Skjedde det ein glipp, Erling Sande?

Vi har registrert at Trygve Slagsvold Vedum har reist med Hurtigruta. I eit intervju med NRK på turen gjorde han det klart at Sp går for reversering av Viken fylke, og at Jonas Gahr Støre langt på veg er einig. Så ser vi at Vedum i Florø lova støtte til reversering av Kinn kommune. Dette er vi glade for.


Krev at den politiske leiinga i fylket utfordrar valet på bygging av nytt opplæringsfartøy

Raudt krev at den politiske leiinga i Vestland fylke (Sp, Ap, SV, MDG, V og KrF) no utfordrar administrasjonen si avgjerd om å gje bygginga av nytt opplæringfartøy til eit verft i utlandet.


Men kvifor vert ikkje reversering av Vestland nemnt? Vi veit at Sogn og Fjordane Sp vil reversere. Vi finn det difor vanskeleg å forstå kvifor de ikkje nytta anledninga til å få Vedum si støtte til dette når han har uttalt seg om både Viken og Kinn. Du var til stades, Erling Sande. Skjedde det ein glipp?