«Joda, Geir, vi har kontroll»

Dette lesarinnlegget er skrive av Erling Sande og Sidsel Kongsvik, stortingskandidatar for Sogn og Fjordane Senterparti, og er eit svar til Geir Oldeide si bekymring om Senterpartiet i Sogn og Fjordane har glippa.  Foto: Senterpartiet

Meninger

Dette lesarinnlegget er skrive av Erling Sande og Sidsel Kongsvik, stortingskandidatar for Sogn og Fjordane Senterparti, og er eit svar til Geir Oldeide si bekymring om Senterpartiet i Sogn og Fjordane har glippa.

Joda, Geir, vi har kontroll

Geir Oldeide frå Raudt set pris på at Vedum vil støtte ei reversering av Kinn kommune. Samstundes spør han om kvifor vi ikkje tok opp reversering av Vestland i vårt møte med Vedum 01.08.21.



Vi er litt usikre på korleis han har trukke den konklusjonen, men vi kan love deg at gjenoppretting av Sogn og Fjordane er, og har vore, like mykje diskutert som å løyse opp Kinn. I forventningsbrevet til Senterpartiet sentralt står det at Kinn Senterparti forventar at Senterpartiet i regjering opphevar samanslåingar vedteke i stortingsperioden 2013 – 2021 dersom tidlegare kommunar og/eller fylke ønskjer det. Senterpartiet har dette nedfelt i sitt stortingsvalprogram. I samtale vart både Kinn kommune og fylkessamanslåinga drøfta.

Senterpartiet meinar at evt. endringar i kommune- eller fylkesstruktur skal være basert på frivilligheit og på lokale initiativ der innbyggjarane får seie si meining gjennom lokale folkerøystingar. Difor vert det naturleg at ei reversering av Kinn og Vestland kjem som ein konsekvens av ei folkerøysting. Vidare må det takast omsyn til den minste kommunen/fylke sitt ønskje, slik at dei slepp å bli i eit tvangsekteskap dersom fleirtalet den største kommunen/fylke vil oppretthalde samanslåinga.

Mogleg Raudt har ein annan strategi, men målet er felles.

Vi vil gje Raudt eit godt råd inn i valkampen. Bruk kreftene på å diskutere det vi er usamde om, og ikkje ved å prøve å gje inntrykk av at parti har andre standpunkt enn dei har. Der er nok av saker der Senterpartiet og Raudt har ulike meiningar og synspunkt.