«Ja til ein human og rettferdig asylpolitikk»

Dette innlegget er skrive av Hege Lothe, 1. kandidat for SV i Sogn og Fjordane og Nermin Ali Wasta, 5. kandidat for SV i Sogn og Fjordane.  Foto: Privat

Meninger

Dette innlegget er skrive av Hege Lothe, 1.-kandidat for SV i Sogn og Fjordane og Nermin Ali Wasta, 5.-kandidat for SV i Sogn og Fjordane.

Ja til ein human og rettferdig asylpolitikk

Det er mange menneske på flukt i verda. Born og vaksne som lever i uvisse og ustabilitet. Menneske som er redde for liva sine og for framtida. Og som set svært mykje på spel på flukt fordi dei ynskjer seg, det vi alle treng, trygge liv.

Noreg bør stå fremst i kampen for ein human og rettferdig asyl- og flyktningpolitikk. Vi bør fremje eit internasjonalt samarbeid som møter dei humanitære behova, fremjar asylretten og motverkar dei grunnleggjande årsakene til at folk blir drivne på flukt. Vi må støtte felleseuropeiske initiativ for å avlaste land som får store mengder asylsøkjarar, og bidra til eit solidarisk, forpliktande og permanent kvotesystem i Europa, som sikrar rettstryggleiken og dei grunnleggjande rettane til asylsøkjarane. Noreg bør føre ein solidarisk, rettferdig og raus asyl- og flyktningpolitikk, som følgjer råd frå FN. I staden har regjeringa gjort det motsette. Det er stramma inn på fleire baugar og kantar.

SV meiner at dei som kjem til Noreg og søkjer om asyl, skal få ei human, rettssikker, individuell og rask behandling av søknaden sin. Det skal ikkje opnast for å sende asylsøkjarar som har søkt om vern i Noreg, til eit tredje land utanfor EU for behandling av asylsøknaden. Dei som ikkje har krav på vern, skal returnerast raskt, på ein så verdig måte som mogleg. SV vil sikre asylretten. Norsk flyktning- og asylpolitikk skal vere forankra i sentrale internasjonale konvensjonar og rammeverk, som flyktningkonvensjonen, menneskerettane og internasjonal humanitærrett. Noreg skal føre ein asylpraksis som er i tråd med tilrådingar frå FNs høgkommissær for flyktningar. Retten til familiegjenforeining skal gjerast enklare og billigare, ikkje avgrensast.

I mange år har kampen kring asyl- og flyktningpolitikken i Noreg stått om å ha den strengaste, minst empatiske politikken. Der målet er å få inn færrast mogleg menneske og sende dei som kjem ut ved første høve. Regjeringa har i åtte år ført ein kamp for å ta i mot minst mogleg flyktningar. Det er mange som ynskjer å endre på dette. Men skal vi greie det, så treng vi eit regjeringsskifte. Skal vi få endring på politikken treng vi eit sterkt SV som kan ta kampen for ein solidarisk, human og rettferdig asyl- og flyktningpolitikk.