«Vi kan ikkje gjennomføre det grøne skiftet og nå klimamål utan eit næringsliv i vekst»

  Foto: Fjordenes Tidende

Meninger

Dette lesarinnlegget er skrive av Noralv Distad, fylkestingsrepresentant for Høgre.

Vestland treng fleire private jobbar

63 prosent av arbeidstakarane i Vestland arbeider i privat sektor.

Byar og bygder er heilt avhengige av at privat næringsliv lukkast i tida framover.

Då må næringslivet ha rammevilkår for innovasjon og vekst, med sikker og god tilgang til marknadene og ein EØS-avtale som ligg fast.

Suksess i privat sektor skaper ikkje berre fleire jobbar, men aukar og skattegrunnlaget og dermed blir det meir til helse, opplæring og infrastruktur. Eit vekstkraftig og eksportretta næringsliv sikrar sterke lokalsamfunn i heile fylket.

Vestland skal vere den sterkaste, mest attraktive og framtidsretta næringsregionen i Norge. Tida er ikkje inne for å dempa ambisjonane, men for å heve dei.

Samfunnet opnar no opp etter pandemien. Det er ny optimisme blant innbyggjarar og næringsliv. Tempoet framover er avhengig av lønsame bedrifter som er i stand til å satse. Løysinga er betre rammevilkår, næringsvennleg infrastruktur, tydeleg ja-haldning til nye initiativ og nei til auka skattar og fleire reguleringar.

Vi kan ikkje gjennomføre det grøne skiftet og nå klimamål utan eit næringsliv i vekst og dermed med evne til å gjennomføre investeringar og omstilling. Løysinga ligg i utvikling, ikkje i avvikling.