«Vestlandet er havregionen i havlandet – då må vi også ha havpolitikarar!»

«Veststeinen» i havnebassenget i Måløy. (Illustrasjonsbilde)  Foto: Erling Wåge

Meninger

Dette lesarinnlegget er skrive av Stein Kvalsund, dagleg leiar i Hub for Ocean / Ocean Hyway Cluster og Tommy Aarethun, kommunikasjonssjef i tankesmia Initiativ Vest.

Visjonar og samarbeid for havet

Vestlandet er havregionen i Noreg framfor nokon andre. Difor treng vi vestlandspolitikarar som har tydelege meiningar om forvaltning av havområda våre og klåre visjonar om utvikling av dei havbaserte næringane.

Det er godt kjent at havet har store utfordringar. Etter kvart er det også godt kjent og konsensus om at havet sit på løysingane til ei lang rekkje av verda sine utfordringar. Dette kan opne enorme moglegheiter langs kysten vår, og nye industrielle eventyr i og kring havnæringane vil vekse fram. Innan sjømat, innan energi, innan grøn skipsfart, innan hydrogen. For å nemne nokre områder. Dette vil kunne skape nye arbeidsplassar og vekst i store og små kystsamfunn som lev av og med havet.

Medrekna havområda er Noreg eit av verdas største land. Vi har i alle tider hausta store ressursar frå havet, og vi har nytta havet som ferdsleåre. Likevel er det slik at havpolitikk og Noreg si rolle som havnasjon i stor grad er noko som vert drøfta i FN, i internasjonale prosessar som det internasjonale høgnivåpanelet for berekraftig havøkonomi som Erna Solberg tok initiativ til og på arenaer som Arendalsuka. Det må vi endre i tida som kjem, og det var bakteppet for at vi saman laurdag 21.08 inviterte listetoppane i Sogn og Fjordane valkrins til havdebatt og spurte dei kva dei vil med havet.

Dei neste åra vil det stå mange viktige debattar politisk kring utviklinga av Noreg som havnasjon, forvaltninga av hava våre, korleis Nordsjøen skal utviklast og utvikling av nye næringar i og kring havet. Då treng vi lokale politikarar som har tydelege meiningar om havet, og visjonar for korleis dei meiner at havnæringane skal utviklast på ein berekraftig måte framover.

Utviklinga av havnæringane er også eit område som etter vårt syn eignar seg godt til tettare samarbeid internt på Vestlandet, og mellom vestlandspolitikarar. Gjennom Vestlandsrådet er det denne våren gjort eit godt arbeid med å få på plass ein felles næringsstrategi for dei tre vestlandsfylka som er eit godt grunnlag for eit slikt samarbeid. I denne vert det med anna peika på potensialet Vestlandet har til å ta posisjonen som den fremste havregionen, og behovet for at ein på viktige områder i større grad foreinar krefter i regionen og har ei felles stemme. Det å foreine kreftene og samarbeide om ei felles stemme innanfor havområda bør vera ein god stad å byrja eit slikt samarbeid.

Langs heile norskekysten finn ein aktørar som lev av det som skjer i havet. Hub for Ocean representerer til dømes over 60 medlemsorganisasjonar i heile verdikjeda i havrommet, medan Ocean Hyway Cluster er ei klynge med meir enn 70 nasjonale og internasjonale aktørar som arbeider med å implementere hydrogen i den maritime sektoren. Desse og mange andre som lev av og med havet er naturlegvis opptekne av kva landets fremste folkevalte meiner om desse sakene.

Politikarane frå Vestlandet som vert valte inn på Stortinget må ha god kunnskap om, og tydelege tankar for kva dei vil med havnæringane. Som dei fremste folkevalte i regionen er det mange som har tydelege forventingar til at de skal fremje og setje desse sakene på agendaen i Stortinget, i komiteane dei vert valt inn i, i media, i samfunnsdebatten – men også internt i eigne parti!

Vestlandet er havregionen i havlandet – då må vi også ha havpolitikarar!