«Nokre få parti tek fakta om klima og miljø på fullt alvor. Difor stemmer eg på dei»

Dette lesarinnlegget er skrive av Aage Kvendseth frå Bremanger.  Foto: privat

Meninger

Dette lesarinnlegget er skrive av Aage Kvendseth frå Bremanger.

Å vere på naturen sine skuldrer

Eg har nett lese boka: «På naturens skuldre» av Anne Sverdrup-Thygeson, ei bok å tilrå for dei som vil lære meir om naturen, livsgrunnlaget vårt og ny interessant vitskapeleg viten. Det er både ei ærleg bok om utfordringane vi står midt oppe i, men og ei morosam og spanande bok å lese.

No i desse valtider er det mange både unge og gamle som røyster på dei partia som ser vi no må gjere langt meir for å redde kloden sin natur, livsgrunnlaget, og klimaet.

Eg vil berre og kort minne om at til og med Verdas økonomiske forum i sin 2020-rapport peikar på miljørelaterte trugslar som vil ha stor påverknad på menneska i verda det tiåret vi no alt er inn i:

Ekstremver, mislukka avgrensing av og tilpasning til klimaendringar, menneskeskapte miljøendringar og katastrofar, tap av biodiversitet, kollaps i økosystem og naturkatastrofar.

Det er naturen i heile verda som understøtter oss, skriv forfattaren, den er det heile og fullstendige grunnlaget for velstanden vår. Utan ein livskraftig global natur til å løfte oss, bere oss, vil sivilisasjonen vår falle. Vi legg grunnlaget for framtida vår på kloden gjennom våre handlingar i dag. FN sin klimarapport understrekar alvoret i situasjonen.

Nokre få parti tek slike fakta på fullt alvor. Difor stemmer eg på SV.