Ambulansetenesta i Bremanger

«Dette kan høyrast ut som ei Flåklypa-scene, men det er dessverre alvorleg meint frå Helse Førde»

Dette lesarinnlegget er skrive av Kjell Ulvestad. Arkivfoto.  Foto: Erling Wåge

Meninger

Dette lesarinnlegget er skrive av Kjell Aga Ulvestad.

Ambulansetenesta i Bremanger, ei varsla ulykke

Når utgangspunktet er feil, kan resultatet ikkje bli anna enn hakkande gale!
Helse Førde har i lang tid arbeidt for å utføre ambulansetenesta i Bremanger billegast mogleg.


Gjekk for å kutte ambulansebilen – no kjem planen ut på høyring

Styret i Helse Førde bad onsdag administrerande direktør sende høyringsdokumentet prehospitale tenester fase 3 ut på høyring.


Men oppdraget til helseføretaket er vel at dei skal arbeide for å gjere ambulansetenesta i Bremanger best mogleg for dei som bur her ute! Det er slik helsetenesta her i landet er lagt opp, best mogleg tilbod til pasientane.

Difor byrjar medlemmene i styret i Helse Førde, og i arbeidsgruppa, med andre ord i feil ende i si vurdering av ambulansetilbodet i Bremanger, og spesielt i Ytre Bremanger. Dei har bestemt seg for resultatet, og så strevar dei på med å svartmale den økonomiske situasjonen for å finne ei ordning som passar inn i dei billeg-rammene dei har sett opp.

Og resultatet? Ei varsla ulykke for innbyggarane dei er sette til å tene!

I dag er det to ambulansar i Bremanger kommune, Svelgen og Kalvåg. Dei er bemanna døgnet rundt med to arbeidarar. Ei teneste til å leve, og døy, med. Men for å gjere det billegare ville Helse Førde først gjere ambulansen i Ytre Bremanger/Kalvåg om til såkalla einmannsbetent ambulanse (!), eller redusere «ambulansetilbodet» til 1 ambulanse for heile Bremanger kommune.

Ei ordning som er heilt uakseptabel, og som er komplett umogleg å forstå at noko i fullt alvor kan føreslå.

Men det skulle bli verre.

Det dukka nemleg opp ein ambulansebåt i Florø-området som Helse Førde meiner også kan brukast som hovudalternativ for Ytre Bremanger. Båten skal altså delast mellom Florø-området og Ytre Bremanger. Dermed går dei vekk frå einmannsbetent ambulanse i Ytre Bremanger, no er det ambulansebåt frå Florø som gjeld. Det er berre å sjå på kartet for å forstå kor gale dette er.

Men likevel presenterer helseføretaket det som ei forbetring av ambulansetenesta i Ytre Bremanger.
Faktum er jo at den er ei klår forverring av ambulansetilbodet vi har i dag. Og det er dagens ordning som må forbetrast, ikkje øydeleggast.

På denne båten skal det i tillegg til maritimt mannskap vere med ein ambulansearbeidar. Når båten kjem til Kalvåg ein uvêrsdag så skal denne (sjøsjuke?) ambulansemedarbeidaren springe til ein ambulansebil som står parkert ein eller annan stad på kaien eller i nærleiken, får vi tru. Når bilen er klargjort for sjuketransport, og om vinteren kan det kanskje ta si tid, skal den einmannsbetente sjukebilen køyrast til pasienten, gjere det som må gjerast der, (kven skal bere båra ut i bilen?) køyre tilbake til ambulansebåten, som tek pasienten til Florø, og der overføre pasienten til bilambulanse til Førde.
Dette kan høyrast ut som ei Flåklypa-scene, men det er dessverre alvorleg meint frå Helse Førde.

Og kva med legen når det skjer ei ulykke? Vedkommande må rykke ut, og blir ståande åleine med pasienten til ambulansebåten har kome til Kalvåg, og ambulansearbeidaren har køyrt sjukebilen fram til pasienten. I beste fall kan det ta minst ein time, avhengig av kvar ambulansebåt er når alarmen går. Kven skal hjelpe legen i den tida? I dag hender det ofte at ambulansen kjem fram før legen, og er ein viktig ressurs for legen. Ordninga som Helse Førde no legg opp til, må føre til større press på allereie hardt pressa legar, og vidare på legekontoret, noko som igjen vil føre til dårlegare tilbod til legane sine faste pasientar. Vi som bur i Bremanger.

Lovpålagt responstid blir eit framandord i eit slikt opplegg. Kan Helse Førde berre oversjå eit slikt pålegg?

Dette er vel i grovt slik Helse Førde tenkjer seg det skal fungere. På ein solskinsdag midtsommars.

Vi her ute tenkjer vel meir på dei mange uvêrsdagane der du skal vere bra frisk for å våge deg ut på Frøysjøen i båt, og spesielt i ambulansebåt. Dersom båten i det heile kan gå.
Eller når ambulansebåten er ute på oppdrag ein heilt annan kant i distriktet, t.d. Askrova.

Kommunestyrerepresentant Svein Olav Senneset (V) har sagt at vi kan ikkje akseptere eit så stort tilbakesteg som å bli sett 20–30 år tilbake i tid. Det er dessverre ein skremmande treffande kommentar.

Helse Førde seier at båtopplegget er betre enn einmannsbetent ambulansebil, og det ser ut til at ordførar Anne Kristin Førde har bite på agnet når ho seier at båt er ei betre alternativ enn bil.
Det blir som å velje mellom pest eller kolera, og det er ikkje det vi vil ha. Det einaste som kan godtakast er ei forbetring av ambulansetilbodet vi har i dag.

Helse Førde har lagt planen om ny ambulanseteneste ut på høyring, med svarfrist 29. september. No må vi i Ytre Bremanger seie klart ifrå til Helse Førde om at dette kan og vil vi ikkje godta.
Det står om liv!