«Valet handlar om at vi må få talspersonar på Stortinget som klarer å sette vår region på dagsorden og få gjennomslag for saker som er viktige for oss»

  Foto: Gjert Myrestrand

Meninger

Dette lesarinnlegget er skrive av Jacob Nødseth, Venstre sin gruppeleiar i Kinn kommune.

Valet i haust er også eit personval

Valet i haust handlar ikkje berre om kva retning landet vårt skal ta. For vesle Sogn og Fjordane valkrets handlar det òg om vi dei neste fire åra skal ha talspersonar på Stortinget som klarer å sette vår region på dagsorden og få gjennomslag for dei sakene som er viktige for oss. Som eit område med store utfordringar og større moglegheiter treng vi nokon som både vil og kan. Vi treng Alfred Bjørlo.

Det er 169 representantar på Stortinget. Kor mange av dei 169 kan du namnet på? Truleg ikkje så mange. Dei store valkretsane har byar og regionar som i kraft av sin storleik automatisk får politisk merksemd og betydning. Når Akershus har 19 representantar på Stortinget er det greitt at nokre av dei trivst best som grå eminensar som få veit kva eigentleg brukar tida si på. Bak skjermane på kontora sine, langt unna veljarar og media, les dei samvitsfullt saksdokument om kompliserte samfunnsspørsmål som dei uforstyrra kan fordjupe seg i. På gruppemøta tek dei ordet sist, og når dei ein sjeldan gang (kvart fjerde år) deltek i debattar og reiser rundt i heimfylket, så seier dei det som står på lappen frå partikontoret. På Stortinget sin talarstol vil dei helst ikkje vere, og i salen røystar dei med lett hjarte som dei får beskjed om frå parlamentarisk leiar.

Vesle Sogn og Fjordane valkrets har ikkje det privilegiet som store Akershus har. Vi er geografisk lengre unna hovudstaden og har i tillegg berre fire av desse 169 representantane. Sidan du les dette innlegget er du truleg så engasjert i politikk at du er ein av dei få som faktisk kan namnet på alle fire? Då reiser nokre andre spørsmål seg: Når såg du dei sist i ein nasjonal debatt? Når såg du dei sist i lokalavisa der dei løfta fram noko som var viktig for deg og din region? Når traff du dei sist i gata di, på butikken din, utanom i valkampen? Når tenkte du sist: «Jammen er eg glad vi har han/ho på Stortinget!»? I rest my case. Med fire representantar på Stortinget må vi ha politikarar som tek plass, som viser att, som både vil og kan. Om berre ein av våre fire representantar førtidspensjonerer seg i ung alder få dagar ut i stortingsperioden, så er det faktisk betydelege 25 % av vår representasjon. Slik kan vi ikkje ha det!

Eg meiner sjølvsagt at Venstre har den beste politikken, som treff vår tids utfordringar og moglegheiter aller best. Heilt uavhengig av dette så er eg også tindrande overbevist om at Venstre sin toppkandidat Alfred Bjørlo er den beste stortingsrepresentanten vi kan få av alle dei som stiller til val i år. Rett og slett fordi han er den han er. Uredd, og engasjert. Ein som tek seg tid til både dei store bedriftsleiarane og dei små i samfunnet som får lite merksemd.

Sjølv som representant for eit mindre nasjonalt parti har han levert valresultat dei siste tre kommunevala på 44 %, 30,9% og 36,2 %. Han er no ordførar i Stad gjennom eit samarbeid med Ap og Høgre. Han får nasjonal merksemd som ordførar fordi han og kommunen går føre og lukkast, og der det er godt politisk samarbeidsklima sjølv i ein samanslåingskommune. Han klarer å løfte problemstillingar opp på den nasjonale debattscenen, sette dagsorden og vise att. Med mange år i regjeringsapparatet bak seg, som ordførar og gjennom arbeid i fylkestinget, har han verdifull erfaring som vår region treng. Som eit lite fylke må vi vise att og ta plass, og det handlar i veldig stor grad om personane vi sender til Oslo. Eg er langt frå samd i alt dei stod for politisk, men har ingen problem med å slå fast at Kjell Opseth (Ap) og Liv Signe Navarsete (Sp) er gode døme på dyktige politikarar vår vesle region skulle hatt fleire av. I år er det beste kortet Alfred Bjørlo frå Venstre. At han i tillegg viser eit ektefølt engasjement for saker som er viktige for kysten av fylket får vi ta som ein rein bonus. Få røyster kan avgjere om han kjem inn eller ikkje. Vi kan ikkje la denne moglegheita gå frå oss.