«Legg forslaget i ei skuff, og la ambulansetenesta i ytre Bremanger vere som den er i dag»

Dette lesarinnlegget er skrive av Kjell Aga Ulvestad, Kalvåg.  Foto: Erling Wåge

Meninger

Dette lesarinnlegget er skrive av Kjell Aga Ulvestad, Kalvåg.

Døgnbemanna ambulansebil i Kalvåg er framleis beste løysinga

Høyrde adm. direktør Arve Varden i Helse Førde på NRK Sogn og Fjordane i dag tidleg. Han skulle forsvare styret i Helse Førde sitt forslag om ambulansetenesta i ytre Bremanger. Det var no ikkje mykje til forsvar. Det er mogleg eg tek feil, men slik eg høyrde han har korkje han eller styret i Helse Førde noko særleg tru på forslaget. Dei ville ikkje gjere noko vedtak, men sende det ut på høyring, truleg i håp om at nokon kan fortelje dei at det beste er å gløyme heile greia. Forslaget er rett og slett for dårleg og heilt urealistisk.



Men Helse Førde har malt seg inn i eit hjørne, dei har lagt fram det eine forslaget dårlegare enn det andre, og enda opp med ambulansebåt over Frøysjøen. Og no veit dei ikkje korleis dei skal komme seg ut av det. Då går det gjerne prestisje i det, og då blir det vanskeleg.

Utgangspunktet for Helse Førde for å gjere noko med ambulansetenesta var å spare pengar. Men no høyrer vi ikkje lenger noko om økonomi. Det kunne vore interessant om dei kunne legge fram tal.


– Eg føler folk i ytre blir overlatne til seg sjølve

Iselin Grotle er sterkt bekymra for konsekvensane av at ambulansen i ytre Bremanger eventuelt skal erstattast av ein ambulansebåt.


Sjølv om pengar ikkje er det avgjerande her, det viktigaste er sjølvsagt å legge opptil den best mogleg ambulanseteneste.

Og ingen ting av det dei har lagt fram til no, kan måle seg med det vi har i dag: Døgnbemanna ambulansebil i Kalvåg.

Ambulansebilen er den store ressursen vi har. Dei rykker ut til alt, og kjem fram før andre etatar, også lege. Dei hjelper legen i stor grad, av og til treng ikkje den hardt pressa legen rykke ut, han kan i staden bruke tid på sine faste pasientar.



Det viktige er å ha ambulansebilen her, ambulansearbeidarane kan yte hjelp mykje raskare enn ein ambulansearbeidar som kjem med båt frå Florø, ein time etter at alarmen har gått.

Arve Varden brukte som argument mot ambulansebilen i Kalvåg at den kan vere vekke på oppdrag. Det kan den. Men det kan no i endå større grad ambulansebåten, som skal tene folket på øyane i Florø-området.

Det blir frå sentralt hald snakka om responstid. Men det er heller ikkje noko Helse Førde snakkar om. 25 minuttar har blitt halde fram som maks responstid i grisgrendte strok. Omrekna til forslaget frå Helse Førde vil den mykje omtala ambulansebåten då vere midt i Frøysjøen, og det vil gå minst 25 minutt, truleg meir, til før hjelpa er framme hos pasienten.



Direktør Varden kunne ikkje seie noko om opplegget for ambulansebilen i Kalvåg, kvar den skal stå, korleis den er utstyrt osv.

Han sa heller ikkje noko om opplegget for ambulansebåten i Florø. Skal maritimt mannskap og ambulansearbeidar bu ombord, eller må dei hentast når alarmen går?

Kva gjer kommuneadministrasjonen, og spesielt helseadministrasjonen i Bremanger. Dette gjeld liv og helse for innbyggarane i kommunen, og spesielt i Ytre Bremanger. Kan dei verkeleg gå god for forslaget frå Helse Førde?


Ambulansekuttet: – Vi jobbar for den beste og tryggaste beredskapen vi kan få

– Vi gjer alt vi kan for at Bremanger skal få ein god og trygg beredskap i framtida. Og får vi ikkje det, så må vi protestere, seier ordførar i Bremanger, Anne Kristin Førde (Ap).


Helse Førde har sendt forslaget ut på høyring, med svarfrist 29. september. Dei ber altså om hjelp og råd til kva dei skal gjere. Basert på reaksjonane her ute etter at forslaget vart kjent, er svaret enkelt: Ikkje gjere noko, legg forslaget i ei skuff, og la ambulansetenesta i Ytre Bremanger vere som den er i dag.

Vi som bur i ytre vil ikkje tvingast inn på eit håplaust opplegg med ambulansebåt over Frøysjøen. Kan kommuneadminstrasjonen og politikarane hjelpe med å få bodskapen fram til styret i Helse Førde?

Og lag og organisasjonar, bedrifter og folk fleste må organisere seg i aksjonar av ulikt slag mot forslaget, slik at Helse Førde og sentrale styresmakter høyrer det.


Gjekk for å kutte ambulansebilen – no kjem planen ut på høyring

Styret i Helse Førde bad onsdag administrerande direktør sende høyringsdokumentet prehospitale tenester fase 3 ut på høyring.