«Som skattebetalarar krev vi at Helse Førde tek ansvar og sørger for at vi har like god beredskap som resten av fylket»

Dette lesarinnlegget er skrive av Tore Røys Nesbakk.  Foto: Fjordenes Tidende

Meninger

Dette lesarinnlegget er skrive av Tore Røys Nesbakk.

Sanitetskvinnene tek over beredskapen i Ytre Bremanger

Av og til blir eg stolt når eg les om enkelte saker i lokalavisa. Saka om at sanitetskvinnene har sørgafor midlar, søknadar og bygging av helikopterlandingsplass på Hauge er ei slik sak. Tenk at nokon vil fellesskapet så godt, at dei brukar fritida si på å få jobba fram eit så flott tiltak som kjem alle til gode.


Sanitetskvinnene vil byggje helikopterplass i Bremanger torvanger

Bremanger Sanitetsforening har brukt koronaepidemien til planleggingsarbeid av ein helikopterlandingsplass i bygda.


Styret i Helse Førde kan ein kanskje seie det stikk motsette om, for det som no skjer med ambulansesaka i Ytre Bremanger, manglar sidestykke i moderne tid. Spørsmålet ein stiller seg i slike saker som gjeld folk sin tryggleik og ivaretaking, er kvifor tilboda blir så skeivt fordelt mellom mindre og større stadar: Treng folk i Ytre Bremanger mindre hjelp enn folk på tettstadar og i bystrøk? Har folk i Ytre Bremanger betre tid når det står om liv og helse?


– Eg føler folk i ytre blir overlatne til seg sjølve

Iselin Grotle er sterkt bekymra for konsekvensane av at ambulansen i ytre Bremanger eventuelt skal erstattast av ein ambulansebåt.


Kva er det den tredjeparten av lønna vår som går til skatt til staten er til for, er det berre for at folk på større plassar skal sikrast ein god beredskap? Vi betalar skatten vår, og vi har like mykje rett til god beredskap og tryggleik som alle andre.

Eg blir voldsomt provosert når eg tenkjer på at våre eldre no kanskje blir utsett for dårleg behandling og unødvendig tidsbruk. Dei fortener betre. Den eldre garde har vore med på å bygge opp både infrastruktur, helsetilbod, kjempa for saker for felleskapet og sikra den nolevande generasjonen dei velferdsordningane vi alle nyter godt av. Det minste vi kan gjere til gjengjeld er å behandle dei på ein skikkeleg måte. Tanken på at ei gammal dame eller mann som dett på vinterstid, skal stuast inn i bil, båt og inn i nok ein annan bil er vond og usmakeleg når ein tenkjer på kor bra tilbod vi har hatt etter vi fekk på plass fastlandssambanda Bremanger 1 og 2.



Det ligg særs mykje tryggheit i å vite at ein har ambulanse og kompetent ambulansepersonell i nærleiken. Lokalt stasjonert ambulanse og personell med god lokalkunnskap kan ofte vere forskjellen på liv og død. Eg har sjølv erfaring med kort responstid frå lokal ambulanse, samtidig som helikopter letta frå Førde. Lokalt ambulansepersonell fekk raskt kontroll på situasjonen og fekk gitt rask melding om at helikopter ikkje var nødvendig likevel. Der sparte dei samfunnet pengar, samtidig som vi opplevde enorm takksemd og tryggleikskjensle rundt det å ha eit så godt fungerande apparat rundt oss.


Ambulansekuttet: – Vi jobbar for den beste og tryggaste beredskapen vi kan få

– Vi gjer alt vi kan for at Bremanger skal få ein god og trygg beredskap i framtida. Og får vi ikkje det, så må vi protestere, seier ordførar i Bremanger, Anne Kristin Førde (Ap).


Det er noko av det eg er mest stolt av i Noreg, og grunnen til at mange føler dei like gjerne kan bu langt ute på bygdene langt frå sjukehusa. Vil ein ha barnefamiliar og andre til å flytte heim, ja, då skal ein ikkje kimse av viktigheita av god beredskap.


Gjekk for å kutte ambulansebilen – no kjem planen ut på høyring

Styret i Helse Førde bad onsdag administrerande direktør sende høyringsdokumentet prehospitale tenester fase 3 ut på høyring.


Det kviler ei tung bør på skuldrene til styret i Helse Førde, og eg trur dei skal gå i seg sjølve og prøve å sette seg inn i folk i Ytre Bremanger sin situasjon. Tenk om det er din gamle bestefar som skal skyssast frå hus, til bil, til kaia der båten ligg og ruvar ein stormfull vinterkveld, før han skal over Frøysjøen, før (om) han kjem til kaia i Florø og skal inn i neste ambulanse, pasienttransport eller kva dei no kjem til å kalle det dei landar på til slutt.


Oppfordrar folk til å seie ifrå om ambulansetilbodet: – Vi kan ikkje akseptere å gå 20-30 år tilbake i tid

Bremanger-politikar Svein Olav Senneset (V) oppfordrar folk, lag, organisasjonar, legestand og kommunepolitikarar til å vere klare når styret i Helse Førde si avgjerd om framtidig ambulansetilbod i Bremanger kjem ut på høyring etter styremøtet i dag.


Eg trur du innerst inne ikkje ville gjort det.

Som skattebetalarar krev vi at Helse Førde tek sitt ansvar i denne saka og sørger for at vi har like god beredskap som er på lik linje med beredskapen i resten av fylket.


Vil fjerne ambulansen frå ytre og erstatte den med ambulansebåt

Onsdag 1. september vil styret i Helse Førde vedta fase 3 i prehospital plan, der mellom anna framtida for ambulansetilbodet i Bremanger blir endeleg avgjort.