«Senterpartiet vil sette utviklinga på kysten tilbake i tid med nye runder om oppløysing, nye omkampar og nedsnakking av ein kystkommune der utviklinga har sett fart»

Dette lesarinnleget er skrive av Martin Hagen som kjem frå Kvalheim i Kinn kommune.  Foto: Privat

Meninger

Dette lesarinnlegget er skrive av Martin Hagen, frå Kvalheim.

Saman for kysten!

Det nærmar seg val med stormskritt, samtidig utviklar kysten seg med endå større stormskritt. Det går rett og slett utrulig bra i kystkommunen Kinn!

No er det endelig blitt fart på utviklinga på kysten etter nokre år med stillstand og nedgang. Det skjer også utruleg mykje positivt i fleire av dei nye kommunene i gamle Sogn og Fjordane. Senterpartiet i Sogn og Fjordane har likevel bestemt seg for at ein skal bruke energi på å løyse opp igjen Kinn kommune, men meiner ingenting om Stad, Sunnfjord eller Sogndal. Dei har altså valgt seg ut ein kommune med argument om at folket ikkje har blitt høyrt, når vi veit at det heller aldri var ei folkeavstemning om samanslåing av Selje og Eid for eksempel. Det mest utrulege er at den Senterpartistyrte, tvangssamanslåtte Sogndal kommune heller ikkje skal bli tvinga til nye runder og potensiell reversering i ein valkamp der kampen mot tvang er eitt av hovedmåla til partiet - med stadige gjentakingar om lokaldemokrati. Kva slags demokratisk vedtak ville det ha vore om Senterpartiet på Stortinget skulle tre ei reversering eller ei ny folkeavstemning ned over eit kommunestyre som ikkje ønsker dette, mens lokaldemokratiet i Stad og Senterparti-styrte Sogndal altså skal få jobbe med å utvikle seg vidare utan statleg innblanding. Det er direkte dobbeltmoralsk og inkonsekvent.

Har egentleg fylkespartiet til Senterpartiet nokon gong vise særleg interesse av at det går bra på kysten av Sogn og Fjordane?

No vil dei i alle fall sette utviklinga på kysten tilbake i tid med nye runder om oppløysing, nye omkampar og nedsnakking av ein kystkommune der utviklinga har sett fart. Med den utrulege forløysinga vi ser i næringsutvikling, byutvikling, byggesaker og liknande til ein ny kommune som på under to år er oppe i norgestoppen på tilrettelegging for næringsliv, eldreomsorg, busetting og har høgare fart på berekraftsarbeidet enn nokon gong. Kinn har no hatt folketalsvekst i tre kvartal på rad. Det blir fødd ungar, folk flyttar til og nye hus og leilegheiter blir bygde.

Senterpartiet har gjennom heile valkampen vridd seg unna klimapolitikken og snakka om reversering med tilhøyrande nye prosessar og tidsbruk på grenser i staden for å utvikle seg. Korleis kan dette på nokon måte vere god distriktspolitikk i ein kommune der grøn skipsfart, næringsliv og dei nye grøne næringane i rask utvikling for første gang opplever at kommunen henger med på tempoet, og til og med av NHO og KS er rekna som topp tre i Norge for å legge til rette for næringslivet. For ikkje å snakke om eksportverksemda og viktigheita av EØS. Om ein vil ha eit skifte av regjering, men ønsker å utvikle distrikta i staden for å stoppe opp, risikere at viktig utvikling og investeringar blir sette på vent, så stem gjerne heller Arbeiderpartiet enn Senterpartiet. Slagordet «sterkare saman» har sjeldan vore så relevant. Venstre med sine framtidsoptimistar for grøn næringsutvikling som vil utvikle, ikkje avvikle er heller ikkje dumt, Høgre vil satse på næringslivet, kystvegen og gode samarbeid, FrP står på for kysten og vippa fleirtalet for enormt viktige Stad Skipstunnel, KrF, SV og MDG ønsker å utvikle samfunnnet og ser framover. Det er veldig mange alternativ og parti som er langt betre for kysten og distriktet vårt enn Senterpartiet, for dei har no dessverre ein politikk som vil kunne skade distriktet og skape nye år med omkampar og opprivande konflikter.

I april i år skreiv eg eit innlegg om den driven som er i Kinn og kysten om dagen, om korleis gode effektive tenester frå kommunen, eit offensivt næringsliv og frivillig arbeid utviklar samfunnet vårt. Les gjerne det også for det skjer veldig mykje positivt på kysten om dagen!

Sidan april har det også skjedd mykje, veldig mykje, og med den nylege debatten i Florø og Firdaposten/Fjordenes Tidende om utviklinga på kysten friskt i minne, så tenker eg det er betimeleg med ei oppdatering på noko av det positive som skjer. Og eg kan garantere at eg då også utelater mykje. God lesing!

Kinn er framfor Bergen og er no nr 1 i Vestland på næringsvariasjon i NHO sitt kommune-NM (nr 5 på næringsliv).

Næringslivet satsar veldig om dagen og er verdsleiande på fleire nye teknologiar: Vi ser at Havlandet etter 20 år med forskning på torskeoppdrett på land no har fått eit stort gjennombrot og er klare til å starte opp produksjon i Florø. Dei skal no tilsette ni og har trua på opp mot 100 innen fem år. I Måløy har Ecobait over tid forska på berekraftige agn og har no også fått sitt gjennombrot. Dei jobbar no intensivt med prosjektering av ein ny stor agnfabrikk lokalt. Som om ikkje dette er store nok nyheiter sidan april i år, så skal Slakteriet i Florø satse heile 1,1 milliard på ny fabrikk i Florø. Førre veke kom det 89 millionar i offentlege kroner til basen i Florø i støtte til bygginga av verdas første bunkringsanlegg for Amoniakk. Dette er ganske imponerande i det som ser ut til å kanskje kunne bli Norge sin leiande fornybarkommune. I byane våre er Jon Helmersensplass rusta opp, det er lagt ny asfalt i Florø sentrum og kjøpesenteret er totalfornya. I Måløy er Måløy Brygge under full oppussing utvendig og innvendig og PEAK Måløy blir jobba med. I Gate 1 er det desutan ferdigstilt eit nytt flott bygg, det er opna ein lokalmatbutikk og i november vil der opne delikatessebutikk i ei gate der prosessen går for fullt rundt korleis ein gjer det best når heile gata skal rustast opp. Litt lenger opp i gata er det same prosess rundt nye Skram Skole. Det skjer veldig mykje bra i og rundt dei offensive kystbyane og i grendene i Kinn kommune. På øyane kan ein blant anna sjå at det er folketalsvekst på Askrova med småbarnsfamiliar og satsing.

Denne gode utviklinga fortener alle som bur her og det fortjener kysten (slik også alle som bur i nye Stad, Sogndal og Sunnfjord fortener det).

Lista er lang, mykje lengre enn det eg har pressa inn her. Det skjer mykje positivt og det fortener å bli vise fram, det fortener å bli heia på. For kysten treng dette så sårt, vi treng optimisme og vi treng å få utvikle oss vidare. For no går det riktig veg - endeleg er det kysten sin tur igjen til å oppleve vekst og utvikling! Senterpartiet vil nok igjen prøve seg på «kva er då så farleg med å gjennomføre ei folkeavstemning»? Fordi det hos Senterpartiet tydelegvis berre er Kinn kommune som må gjere det mens tvangssamanslåtte kommunar slepp, fordi det ein då i staden for å jobbe med tjenestene må ta opp at ein stor prosess som er vedtatt og gjennomført av over 1600 tilsette, fordi det tar tid, fordi det overkjører eit lokaldemokrati i kommunestyret som ikkje ønsker dette, fordi det set viktige prosjekt på vent og andre prosjekt i fare, fordi det vil bidra til meir intern strid og nye kranglar i lokalsamfunnet. Det gagnar ikkje kysten og det har vi ikkje tid til no. At ein har vore i mot samanslåinga har eg full respekt for, men når det no er blitt sånn og det viser seg å fungere ganske bra på fleire plan, så er vi nøydde til å gi det tid til å sette seg og sjå framover. Det skjer best om ein jobbar saman for ei god utvikling på kysten og i lokalsamfunna våre. Og der skjer det jammen mykje bra om dagen! Godt valg!