«Nils Myklebust, eg representerer ikkje Venstre eller noko anna parti»

Martin Hagen  Foto: Gjert Myrestrand

Meninger

Dette lesarinnlegget er skrive av Martin Hagen og er eit svar på dette lesarinnlegget frå Nils Myklebust (Sp).


Nils Myklebust, eg representerer ikkje Venstre eller noko anna parti

Eg viser til dagens innlegg frå Nils Myklebust (Sp), der han plasserer meg som medlem av partiet Venstre. Det stemmer slett ikkje.

Eg er ein samfunnsengasjert 27-åring som kjem frå Kvalheim, og har aldri skrive eit innlegg på vegner av noko parti.

Eg jobbar alltid mykje med innlegga mine for å halde meg til sak, og med eit godt språk, samtidig som eg fremmar mitt syn. Det gjorde eg også i mitt innlegg her.

Det er heilt fint å vere sakleg ueinig, men å feilsitere meg og plassere meg i eit politisk parti som eg ikkje på nokon måte representerer, eller har representert, synest eg er grovt.

Eg er partinøytral, og eg skriv innlegg der eg gir uttrykk for mine meiningar og mitt syn på utviklinga på kysten, no og framover.

Så klarar nok Venstre og andre parti å svare for seg sjølve.

Fjordenes Tidende beklagar at det ved ein feil ei stund stod ein "V" i parentes bak Martin Hagen sitt namn i innlegget frå Nils Myklebust. Denne blei fjerna av oss straks feilen blei oppdaga.