«Beklagar, alle kjende og ukjende, eg veit avisa er full av innlegg, men eg klarte altså ikkje å la vere»

Dette innlegget er skrive av Sunniva Oldeide, raud lokalpolitikar og spent dotter.  Foto: Privat

Meninger

Dette innlegget er skrive av Sunniva Oldeide, raud lokalpolitikar og spent dotter.

Eg berre må …

Beklagar, alle kjende og ukjende, eg veit avisa er full av innlegg, men eg klarte altså ikkje å la vere. Eg må seie noko før årets stortingsval. Og det som fekk begeret til å renne over var denne setninga i eit innlegg frå KRF denne veka: "Ja, skilnaden mellom dei aller rikaste og aller fattigaste i landet har nok auka litt, men er det nødvendigvis eit stort problem?"

Kjære Kristeleg Folkeparti, ja, det er eit stort problem.

Vi må ta innover oss at for at ein person skal bli skikkeleg rik, så må ein del andre nødvendigvis bli fattige. For det finst ikkje uendeleg med verdiar og arbeid som kan omsetjast for pengar, og deretter fordelast. Så tenk på det neste gong du begynner å telje rikingar, kor mange fattige må til for at vedkommande skal kunne bli så rik? Så kan du sjølv vurdere om du syns det er ok.

Eg er lei av blå politikk. Skikkeleg lei.

8 år med smålege kutt som gjer kvardagen til dei som har det tyngst endå tyngre. Politikk som har ført til auke i barn som veks opp i fattigdom, at 1/5 har ikkje råd å gå til tannlegen og til mange års forskjell i levealder mellom dei fattigaste og rikaste i Norge. Og politikk med smålege kutt, som kutt i brillestøtta. Eg kunne ramsa opp i mengde, men du har vel fått med deg alle desse historiene? Kvifor? For å gje dei aller rikaste i Norge meir pengar å rutte med gjennom skattelette.

Det er på tide å vakne opp. Vekke liv i rettferdssansen. Heile mitt politiske engasjement spring ut frå eit ønskje om eit meir rettferdig samfunn. Og i mange år har Norge gått motsett veg. Stadig meir både pengar og makt på stadig færre hender. Og desse rikaste hendene skal attpåtil skatte mindre per krone enn vanlege arbeidsfolk.

Eg håpar stortingsvalet blir eit vendepunkt. Og eg trur Raudt over sperregrensa er nøkkelen til det, både for å sikre ny regjering og ikkje minst ny politikk.

Og så skadar det jo ikkje at Geir Oldeide (les: pappa) ser ut til å kunne bli ein del av denne gruppa, sjeldan har vi vel sett ein politikar som er betre til å stå på lag med vanlege folk enn akkurat han.