«Kvifor vil ikkje Venstre stille krav til oppdrettsnæringa om lukka anlegg?»

Geir Oldeide  Foto: Erling Wåge

Meninger

Dette lesarinnlegget er skrive av Geir Oldeide, førstekandidat for Raudt i Sogn og Fjordane valkrets.

Kva meiner eigentleg Venstre om lukka oppdrettsanlegg?

I denne valkampen har eg ved fleire høve diskutert framtida og utviklinga for oppdrett med Venstre og Høgre.

Regjeringa har jo som kjent no i valkampen lagt fram ein plan der dei går inn for å 5- eller 6-doble norsk oppdrett framover.

Raudt meiner at dette ikkje er forsvarleg og berekraftig. Vi kan ikkje ha vekst i denne næringa før ein har fått under kontroll både forureining, luseproblem, rømming og dyrevelferd på ein betre måte.

Fleire parti, inkludert Raudt, meiner at det no må vere eit krav at oppdrett skal over i lukka anlegg. Då må det stillast krav frå myndigheiter (les: politikarar) til oppdrettsnæringa. Men det vil tydelegvis ikkje Venstre (eller Høgre) gjere. For dersom ein les programmet så ser vi at det ikkje står noko i programmet om dette. Og denne diskusjonen har gått føre seg i mange år, så det er nok ingen forgløyming.

Venstre heiar på dei bedrifter og gründerane som på eige initiativ satsar på lukka oppdrett, det gjer Raudt og alle dei andre partia også. Vel vitande om at dette kostar svært mykje meir, både i investering og drift, enn om dei berre skulle fortsette vidare som før. Men dersom ein ikkje stiller klare krav til næringa er det nettopp det som vil skje i all hovudsak. Så kvifor vil ikkje Venstre stille krav til næringa om lukka anlegg?