«Fisk og pengar. Eit realistisk scenario»

Dette innlegget er skrive av Øystein Sandøy.  Foto: Gjert Myrestrand

Meninger

Dette innlegget er skrive av Øystein Sandøy.

Fisk og pengar. Eit realistisk scenario

Eit tankeeksperiment: Norsk økonomi er i ubalanse, og styresmaktene må innføre harde tiltak. Det blir maktpåliggande at løn og godtgjersle ikkje stig over eit visst nivå, og samtlege arbeidstakarorganisasjonar får fylgjande beskjed frå Storting og regjering: «Her er pengane. Del dei»!

Det skal ikkje stor fantasi til for å førestille seg dei interne rivningane dette ville føre med seg. Alle ville sjølvsagt ha mest mogeleg til seg og sine, og med allverdas gode grunnar. Dei lavtlønte ville ha sitt, dei med høg utdanning sitt. Andre ville peike på tungt arbeid, ubekvem arbeidstid, pendling etc. Variantane ville vere nærmast utallige, og samtlege ville ha gode og legitime grunnar for at akkurat DEI skulle kome best mogeleg ut. Men la oss tenkje oss at organisasjonane faktisk greidde det meisterstykke å kome fram til ei fordeling av lønsmidlane som alle kunne stille seg bak. Det ville heilt sikkert murrast i rekkjene, men dei innsåg at alternativet var verre: At dette vart bestemt over hovuda deira, av politikarar som ikkje var framande for ei viss opportunisme, og gevinst i form av partipolitisk innflytelse.

Dette scenarioet er hundre prosent samanliknande med situasjonen i norsk fiskeri på tidleg 2000-tal. Alt som fanst av fartøygrupper, regionar og landsdelar sto i håra på einannan, med høglytte krav om større andelar av norske fiskeressursar. Det var kyst mot hav, nord mot sør, i verste fall bror mot bror. Ulukka var at potten var gitt på førehand, i form av ein TAC (total available catch) som var bestemt av Havforskningsinstituttet og Fiskeridirektoratet, og dermed av norske styresmakter. Potten kunne kort og godt ikkje aukast, og norske fiskarar måtte vær så god ordne seg innanfor dei rammene som var gitt.

Bylgjene gjekk høge, både på sjø og land. Norges Fiskarlag knaka i samanføyningane. I denne situasjonen var det at organisasjonen vart pålagd av styresmaktene å kome fram til ei fordeling av norske fiskeressursar fartøygrupper og regionar i mellom som ein kunne einast om, og som kunne stå seg over tid.

Norges Fiskarlag tok opp hansken, og sette ned det som vart kalla Ressursfordelingsutvalet, med den eineståande kunnskapsrike diplomaten Johannes Nakken som leiar. Samtlege aktørar i fiskeria var representerte med sine fremste tillitsmenn, og eit særs oppegåande sekretariat fekk den enorme oppgåva å skaffe til veges alt som fanst av statistikk og dokumentasjon.

Motsetningane var store, og kunne synast nærmast uoverkomelege. Men under over alle under; etter nærmare to års arbeid vart utvalet sine konklusjonar lagde fram til avrøysting på landsmøtet i Norges Fiskarlag i 2001. Det kan oppsummerast slik:

Det heile vart navigering i vanskeleg paddemark,

og utvalet kunne tidvis minne om Noas Ark,

der skippar Johannes Nakken, som Noa heldt ror og ratt,

mens mannskapet slæst og kjekla om vegen til Ararat.


Etter ein frisk seglas på eit hav av verbale spark,

senka freden seg ned over salige Noas Ark.

Sakte og sikkert fekk dei tal og prosent på plass,

og kursen vart sett mot land etter ny-korrigert kompass.


Ressursfordelingsutvalet sitt forslag vart vedteke med overveldande fleirtal. Berre to stemde mot. Sidan har det stort sett vore ro i rekkjene, og norske fiskarar har kunna konsentrere seg om oppgåva si: Å bringe norske fiskeressursar til lands på berekraftig og lønsamt vis!

Eg konstaterer at enkelte politiske parti tek til orde for ei meir og mindre storstilt omfordeling av fisk og kvotar. Spørsmålet mitt blir då: Er det klokt å rokke ved eit regime som har gitt norske fiskarar arbeidsro og lønsemd? Er vi tente med ein ny ressursstrid? Vil industrien i land vinne på alskens omfordelingar, der i verste fall store mengder blir måka på land i sesongane i staden for råstoff meir spreidd ut over året? Er manglande råstofftilgang det største problemet for fiskeindustrien? Er det ikkje snarare det norske kostnadsnivået, og det å få tak i kompetent og stabil arbeidskraft? Vil arbeidskraftintensiv produksjon i Norge klare seg i den beinharde, internasjonale konkurransen?

Spørsmåla står i kø. Det viktigaste er dette: I innleiande tankeeksperiment såg vi for oss at arbeidstakarorganisasjonane kunne einast om korleis midlane – i vårt tilfelle fisken – skulle fordelast. Ville då til dømes Arbeidarpartiet og Sosialistisk Venstreparti, og for den del alle parti rokke ved dette fordi det kunne vere opportunt å halde seg inne med eit mindretal som var usamde?

Eg trur ikkje det. Snarare trur eg at oppegåande, ansvarlege politikarar ville takke sin Skapar for at aktørane var i stand til å ordne opp i eigne rekkjer. Og til Senterpartiet: Mannen som greidde den i utgangspunktet umogelege oppgåva å fordele inntektene til fiskarane, Johannes Nakken, var senterpartimann. Kan eg få be om eit minimum av respekt for arbeidet til denne no dessverre avlidne heidersmannen?