«MDG er det einaste partiet som går til val på å lovfeste å stanse tapet av natur»

Marius Dalin  Foto: Pernille Sommer

Meninger

Dette lesarinnlegget er skrive av Marius Dalin, førstekandidat for MDG til stortingsvalet i Sogn og Fjordane valkrets.

Dette valet er eit klimaval. Det står mellom meir av den same katastrofale politikken som øydelegg klimaet og naturen, eller eit stort MDG på Stortinget. Det vil vere det viktigaste som har skjedd for klima nokonsinne i norsk politikk.

FNs naturpanel har advart om at tapet av natur er eit like stort trugsmål som klimaendringane. FNs generalsekretær har sagt at verda nå fører ein krig mot naturen, og at vi nå må slutte fred. Dette ser ut til å ha gått regjeringa hus forbi, og den forsømer fullstendig ansvaret sitt for å stanse tapet av natur.

Frå 2008 - 2019 blei det bygd ned 540 km2, eit areal større enn heile Oslo kommune, og ifølgje Statistisk Sentralbyrå kan vi vente oss like stor nedbygging dei neste 10 åra, til tross for at forslaget til ein ny Paris-avtale for naturen krev stans i nedbygging av natur. Regjeringa ofrar natur og matjord for å bygge motorvegar, vindturbinar og ein femdobling av oppdrettsindustrien. Dei tillet gruvedumping i artsrike fjordar, oppdrett i verdsarvområde og motorvegar i naturreservat.

At regjeringa vil bruke Nordfjorden som utstillingsvindauge for den uhemma veksten i oppdrettsindustrien er ein katastrofe! Det tek store sjøareal, tek ifrå lokalbefolkninga nærområda sine og utset fjorden og laksen for ein ekstremt høg risiko. Vi krev null lus, null rømming og null utslepp! Det er langt på overtid at ein set krav til heile oppdrettsindustrien om at dei tek ansvar for å få næringa berekraftig.

Det vekslande regjeringar har helde på med er det stikk motsette av kva klima- og naturkrisa krev av oss. MDG ønsker ein grunnleggjande endring av norsk naturforvaltning. Naturvern kan ikkje lenger vere bevaring av småflekkar i eit voksande hav av øydelagd natur. All natur må takast vare på: Byparkar, nærnatur, strandsonen, matjorda, villmarka, havet og fjordane. Vi må i det heile tatt slutte å bygge ned natur, og i staden reparere øydelagd natur.

Eg lovar å kjempe for kravet vårt: Ein reinare og friskare fjord, med null lus, null rømming og null utslepp frå oppdrett. Sogn og Fjordane har ofra alt for mykje natur til vindkraftgalskapen allereie. Eg seier eit høgt og tydeleg nei til meir vindkraft på land i fylket vårt og all anna naturøydelegging. Ein røyst til MDG er ein røyst for naturen og ei framtid for barna våre.

MDG er det einaste partiet som går til val på å lovfeste å stanse tapet av natur og ta til å bygge opp att meir natur. Slik kan neste generasjon framleis oppleve ein rik og variert norsk natur. Kjem vi over sperregrensa kan vi få det til. Då vil vi få 8-10 gongar så mange representantar på Stortinget, som alltid set klima og miljø først. Di røyst kan vere avgjerande. Røyst MDG.