«På tide å få til gratis SFO»

Hege Lothe meiner gratis SFO er ei viktig kampsak.   Foto: Svanhild Breidalen

Meninger

Dette lesarinnlegget er skrive av Hege Lothe, stortingskandidat for SV i Sogn og Fjordane.

På tide å få til gratis SFO

Marie, ein lærar eg kjenner, fortel at ho har sett mange elevar som har kjend seg utanfor fordi dei ikkje skulle på SFO etter skuletid. Det er likevel ei jente som gjorde eit særskilt inntrykk. Den dagen SFO skulle ha Halloween-feiring, då var jenta sint heile dagen.

No er tida inn for å fjerne klasseskiljet i SFO. La alle barna få lov til å vere med på leiken. Gratis SFO over heile landet er eitt av dei viktige krava frå SV ved dette stortingsvalet. Ingen born skal måtte reise åleine heim frå skulen når resten av borna leikar og lærer vidare, på grunn av økonomien til foreldra. Gratis SFO skal sikre eit fellesskap med leik, fysisk aktivitet, kultur og eit variert tilbod til alle barn, uavhengig av foreldra si inntekt og bakgrunn.