«Kinn-krisa: Dette veit vi»

Dette lesarinnlegget er skrive av Martin Malkenes.  Foto: privat

Meninger

Dette lesarinnlegget er skrive av Martin Malkenes.

Kinn-krisa: Dette veit vi

Det blir dyrare og dyrare for dårlegare og dårlegar tenester i kommunen.

Svært mange er svært misfornøyd med at Kinn kommune eksisterer.

Dei som jobbar i kommunen får færre og færre ressursar å rutte med i arbeidskvardagen, noko som går ut over kvaliteten på tenestene.

Sjukefråværet i kommunen er urovekkande høgt.

Gjelda til kommunen er og urovekkande høg og skal aukast ytterlegare.

Robek er eit ord som nemnast ofte i samanheng med Kinn kommune og økonomi.

Kinn har ei inntekt per innbyggar som ligg 9383 kroner over landssnittet, likevel går kommunen med 3676 kroner i minus for kvar innbyggar.

Høgre, Ap og Venstre har strippa varaordfører for all inntekt og verdighet for åpent kamera på NRK.

Leiar i planutvalet tek 400.000kroner frå felleskapet i året for å regulere felleskapets naturområde i Storeåsen (Kyrahola) for å gje til eit selskap der søskenbarnet er medeigar.

Ordføraren er nær sitt tredje brot med samarbeidskonstellasjon i kommunestyret på to periodar.

Kinn kommune er ein medieyndling nasjonalt som «Noregs raraste kommune» og føljetongen vil ingen ende ta.

Folk frå Storting og regjering følgjer med i media.

Kinn får lite gjennomslag for sine saker i Storting og regjering.

Ordføraren er mest sannsynleg ikkje med i vurderingar til ny kommunalminister.

Kinn kommune kan få gjennomslag i Stortinget for reversering.

Ordføraren skjeller ut politiske samarbeidspartnarar på fest med konfidensielle opplysningar.

Politisk samarbeidspartnar fortel om å ha blitt utskjelt på fest av ordførar i nasjonale medier.

Kommunedirektør i Kinn avviser at administrasjonen har leke konfidensielle opplysningar til ordførar før fest.

Kinn Høgre over lang tid oppfatta samarbeidet med ordføraren som utfordrande.

Gruppeleiar i Venstre er redd lange kveldar i lag med Høgre og Ap.

Firdaposten tek vekk kommentarfelt i saker som omhandlar politikarar i Kinn kommune.

Bebuarar i Kinn kommune må til stadigheit tole at heimkommunen deira blir latterleggjort i nasjonale medier.

Kinn kommune er kanskje Noregs mest dysfunksjonelle.

Er det ikkje nok snart? Det får være grenser!