«Vi krev at liv og helse skal trumfe kortsiktige kostnadskutt»

Dette innlegget er skrive av Per Røys frå Bremanger.  Foto: Erling Wåge

Meninger

Dette innlegget er skrive av Per Røys frå Bremanger.

Som bedriftsleiar i snart 40 år veit eg at det re­gel­mes­sig er nød­ven­dig med ein re­vi­sjon av tenestetilbod, både for å vur­de­re om des­se er gode nok, tref­fer marknaden og er kost­nads ef­fek­ti­ve.

Det vil all­tid vere rom for forbetringar og endringar et­ter kvart som utviklinga går framover. Nye moglegheiter opnar seg. Eg er glad vi har ein leiing i det offentlege som all­tid vur­de­re det­te. Har stor re­spekt for den jobb og dei utfordringar dei står ovanfor. Alle øns­ker mest mogleg ef­fekt ved bruk av fel­les­ska­pets midlar.

Et­ter ori­en­te­rin­ga til Var­den sit eg dess­ver­re att med ei enda stør­re for­vir­ring enn eg allereie had­de før mø­tet. Kvifor blei alle alternativ lagt til si­des når det­te med båt kom opp? Alle dei gode ar­gu­menta som tidlegare var så ster­ke, dei er no bor­te. Øko­no­mi ligg ikkje inne som ein fak­tor. Er bå­ten blitt så dyr at det no må skaffast ali­bi for bru­ken?

I Helse Førde sin egen SWOT-ana­ly­se til det­te med am­bu­lan­sebåt var det sterkt påpe­ika den lo­ka­le mot­standen som ein kun­ne forvente. Er det ikkje det som er ide­en med å bru­ke SWOT-ana­ly­se, å fin­ne svakheiter og truslar og job­be med dei? Kvifor då ikkje gå ned i detaljane og vise kvifor de meiner det­te framleis er ei god løysing? Kan det­te ha med å gjere at kom­mu­nen og det lo­ka­le skal så sterkt involverast at det ikkje var verdt å nemne det­te i den fa­sen vi er i no?

Vi ser eit stort gap mel­lom teo­ri og prak­sis. Eit for­slag som vi ikkje kan slå oss til ro med. Her har Hel­se Før­de ein stor pe­da­go­gisk jobb å via eksempel vise re­ell re­sponstid, og korleis oppdraga løysast i prak­sis. Vi sei­er ofte i nye pro­sjekt: «The devils are in the details.» Er det der­for de er så tilbakehaldne med eksempel på bes­te prak­sis i dei uli­ke moglege scenarioa ein kjem ut­for i dei uli­ke opp­draga?

Sam­tidskonfliktar og lo­ka­le lo­gi­stikkutfordringar

Å seie at det­te er prak­tis­ke ting som vi ordnar un­der­vegs er lite tillitskapande. Det skal ikkje sto­re skri­ve­bordsøvinga til for å tes­te re­sponstid og av­slø­re kor dis­se de­taljdjevlane opp­står. Det er her sva­ret ligg. Korleis be­vi­se og overtyde befolkninga i ytre Brem­an­ger om at opp­leg­get som ligg føre er forsvarleg.

Vil også for­sø­ke å ta fatt inn­legg i Fjordenes Tidende tysdag 21 september skrive av direktør Arve Var­den i Helse Førde. Sis­te av­snitt: «Vi bur i eit om­rå­de der det er krevjande å dri­ve am­bu­lan­setenester.» Dette er ei anerkjenning for at det er krevjande og dermed også dyrare å drifte ambulanse i vårt område. Det­te må vi stelle oss til, og også ak­sep­te­re.

Der­nest skriv han at der er opp­ar­beidd ein brei og god kom­pe­tan­se til å ut­fø­re dis­se oppdraga. Dette tolkar eg som at dagens ordning har fungert godt. Så skriv han vidare: «Løy­sin­ga eg til­rår skal sik­re eit godt og mo­der­ne am­bu­lan­setilbod i hei­le om­rå­det til Hel­se Før­de.» Her løf­ter Var­den saka opp­ til heile Hel­se Før­de sitt dist­rikt å betene.

Slik tolkar eg dette: Vi får eit redusert tilbod fordi dette vil falle resten av ambulansetenesta i Helse Førde sitt distrikt til gode. Re­sponsprosenten blir varetatt når ein ser på kor godt tilbod ein kan lage i meir sent­ra­le strøk av fyl­ket. Mengda av utrykkingar i vårt om­rå­de er ikkje høgt nok til å øy­de­leg­ge HF sin re­sponssta­tis­tikk.

For oss kan det­te vere for­skjell mel­lom liv og død. Vi veit der er un­der be­hand­ling i Stortinget ei ny for­skrift som kan sik­re våre krav til tenestene i framtida på ein forhåpentlegvis betre måte. Vi ber om at vi køyrer dagens ord­ning fram til det­te er kla­rert i Stortinget og forskrifta på plass.

Ber der­for om at de ikkje ra­se­rer det tilbodet som er per dags dato utan å kun­ne do­ku­men­te­re at ny ord­ning sikrar tilsvarande teneste.

Det er all­tid lettare å rive ned enn å bygge opp. Eg ber på vegner av heile befolkninga i Brem­an­ger om at de trek­ker det for­slaget som no ligg føre, avventar stor­tin­gets be­hand­ling av for­skrift og rest­ar­ter den­ne pro­sess på grunn­lag av ny for­skrift for re­sponstid

Gi oss den tid som er nød­ven­dig. Vi krev at liv og hel­se skal trum­fe kort­sik­ti­ge kost­nads­kutt.