«Mitt råd er: Kutt ned på leksa for det tar knekken på ungdommen. Vi føler oss pressa»

Dette lesarinnlegget er skrive av Tuva Åndal.  Foto: Louise Nygaard

Meninger

Dette lesarinnlegget er skrive av Tuva Åndal.

Ungdommen føler seg pressa

Ungdommar no til dags her eit stort press på seg når det gjeld å gjere det bra med karakterar og skule.

Når ungdommar startar på ungdomskulen, startar dei også med karakterar. Karakterar blir sett for å vise kor god du er i eit fag, men det er ikkje alltid karakteren fortel sanninga. Nokre er betre munnleg enn det dei er skriftleg, og nokre er betre skriftleg enn det dei er munnleg. Det kan ha masse å gjere med kva karakter dei får i dei forskjellige faga.

Ungdommen føler eit press på å gjere det beste dei kan når det gjeld karakterane, men det er ikkje alltid det beste er bra nok for dei. Mange sit ofte langt ut på kvelden og gjerne ut på natta for å øve til ei prøve, men når prøva kjem gjer ein det dårleg. Det kan vere fordi dei har hatt ein dårleg dag eller fått jernteppe. Mange elevar opplever at dårlege karakterar ikkje hjelper på motivasjonen til eleven, og gjer kanskje at eleven ikkje yter sitt beste på skulen.

Ungdommen føler kanskje eit press for å gjere det bra på skulen, og for å gjere foreldra stolte. Eg har høyrd at ungdomsåra skal vere nokre av dei beste åra i livet, men det blir ikkje noko av når du må sitte timesvis etter skulen med skulearbeid som du skal vere ferdig med til dagen etterpå. Elevane er gjerne ganske ferdige når vi kjem heim frå skulen, og berre tanken på at det er meir skulearbeid å gjere, gir lite motivasjon. Med lite motivasjon blir ikkje arbeidet utført det beste ein kan.

Heimearbeidet tok knekken på meg, spesielt på slutten av 10. klasse. Det verste var når Norge vart ned stengt under koronakrisa. Vi sat først ein heil skuledag på møte og i tillegg hadde vi masse arbeid etter vi var ferdige med møta. Vi sat langt ut på dagen for å gjere ferdig leksene for så å gjere det same resten av veka. Dette førte til at eg var lei då eg gjekk ut av grunnskulen.

Unnskyldningane til lærarane var ofte at dei forbredde oss til vidaregåande skule og alt det harde der, men det kan det umogeleg ha vore. For eg har ikkje på langt nær sete så lenge med lekser på vidaregåande som då eg gjekk på grunnskulen.

Vi er ungdommar, vi vil leve, vi vil ha det gøy og det kan ikkje vi gjere til det fulle på grunn av presset med karakterar og skulearbeid. Vi blir sittande inne og jobbe til vi ikkje orkar meir og gjerne lenger. Motivasjonen blir mindre og mindre, og arbeidet blir dårlegare og dårlegare.

Mitt råd er: Kutt ned på leksa for det tar knekken på ungdommen. Tida etter skule er ikkje for lekse, men for å vere sosial.