«Protestantane» i bygda har vakna igjen»

Dette lesarinnlegget er skrive av Dag Austring.  Foto: Bjørn Erik Drabløs

Meninger

Dette lesarinnlegget er skrive av Dag Austring, Selje.

«Protestantane» i bygda har vakna igjen

I 1994 vart rundt 100 personar , små og store, skremt/pressa bort frå Selje. Rundt 50 arbeidsplassar forsvant då frå Selje til Sotra.

Etter denne «bragden» sovna «protestantane» i Selje. «Hatkampanjen» tok på.

No har dei same pådrivarane som i 1994 vakne igjen. Den samme personen som det var viktig å få vekk i 1994 er på bana igjen med ønske om å skape arbeidsplassar i Selje. Dette måtte takast ved rota og då måtte «flokken» vekkast igjen.

Eigaren av dette industriområdet har no funne ut at han vil utvide industriområdet sitt ved å fylle steinmasser ut i sjøen langs industritomta si og bygge kai. Plana er å etablere næringar på området i tråd med nyleg vedtekne kommunale næringsstrategiar. Dette må stoppast omgåande.

Underskriftsliste vert igongsett og folk har skrive på i mangetal. Til og med Selje Sanitetsforening finn grunn til å engasjere seg og protestere mot desse planane. Argumenta som vert brukt er farlege trafikkforhold og støy.

La oss sjå på nokre faktiske forhold.

Dette industriområdet vart regulert til industri før det var bygd eit einaste bolighus i byggefeltet på Reset. Dette betyr at dei som har etablert seg på Reset måtte vere heilt klår over kva dei gjorde før dei bygde.

På nabotomta til det omstridde området held Stad kommune sitt bossanlegg til. Her er det bossleveranser kvar tysdag og torsdag. Ved sida av bossanlegget heldt Uniformpartner til. Både bossanlegget og Uniformpartner føretok uviding av områda sine for kort tid sidan. Då fann dei ingen grunn til å protestere. Eg synes det er rart og ganske uttruleg at dei ikkje ser trafikken til bossanlegget og Uniformpartner også som farleg for skuleborna og andre, men eg skjønar at dette er personavhengig.

Eg vil tru at «protestantane» ønskjer at kommunepolitikarane skal omregulere denne industritomta til friareal eller boligtomter. Kommunepolitikarane må då vere fullstendig klår over at det vert snakk om erstatning, og eg vil tru at då må Stad kommune komme i eit etstatningsansvar til grunneigaren og at det vil dreie seg om mange titals millionar.

Eg stiller også eit stort spørsmål om «protestantane» ikkje ser paradokset i at dei sjølve ikkje ønskjer å ha eit industriområdet inntil boligtomtene sine, men meiner at andre skal kunne bygge boligar på det omtalte industriområdet, og dermed busette seg inntil bossanlegget til Stad kommune.

Eg slår fast at «protestantane» i Selje har vakna igjen og hatkampanjen frå 1994 har fortsatt god grobunn i Seljesamfunnet. Skam dokker!