«Svar til Måløy Vekst: – Eg meiner at open og lik handsaming er viktig»

Dette lesarinnlegget er skrive av Linda Hofstad Helleland, distrikts- og digitaliseringsminister (H) og er eit svar til Måløy Vekst sine uttalelsar om at enkelte kommunar blir prioriterte for statlege løysingar.   Foto: Bjørn Erik Drabløs

Meninger

Dette lesarinnlegget er skrive av Linda Hofstad Helleland, distrikts- og digitaliseringsminister (H) og er eit svar til Måløy Vekst sine uttalelsar i denne saka:

Kritisk til at regjeringen prioriterer Stad og tre andre kommuner med statlige arbeidsplasser

Daglig leder i Måløy Vekst, Randi Humborstad, er overrasket over at planer om et Statens Hus på Nordfjordeid ser ut til å bli prioritert. I et brev til statsråd Linda Hofstad Helleland (H) ber hun om at også Peak Måløy må få søke på tilgjengelige millioner.



Distriktshub og lik behandling

Måløy Vekst ber regjeringa å gjennomføre ei open utlysing av midlar til utvikling av distriktshubar, kontorarbeidsplassar for fjernarbeid. Regjeringa legg fram statsbudsjettet for 2022 den 12. oktober. Open utlysing av statlege tilskotsmidlar vil vere eit viktig prinsipp for å nå alle i ei målgruppe.

Linda Hofstad Helleland, distrikts- og digitaliseringsminister (H)  Foto: Privat

Før sommaren la regjeringa fram "Strategi for småbyar og større tettstader som regionale kraftsentera". Vi oppfordra her kommunane, i samarbeid med relevante aktørar, å leggje til rette for kontorfellesskap for fjernarbeid. Vi ønskjer å stimulere til etablering av arbeidsfellesskap i småbyar og større tettstader som har eit omland av kommunar i akseptabel reiseavstand. I slike distriktshubar kan tilsette i staten jobbe i lokale kontorfellesskap med andre statlege tilsette, eventuelt saman med kommunale eller private aktørar. Slik kan vi leggje til rette for at fleire kan arbeide i staten og bu på små stader, noko som kan gi positiv regional utvikling.

Måløy Vekst ønskjer at fleire enn Statens hus-pilotane Narvik, Orkland, Stad og Lyngdal skal kunne søkje om midlar for å utvikle distriktshubar. Detaljane i statsbudsjettet kjem når budsjettet er lagt fram 12. oktober. Generelt er det likevel slik at ei tilskotsordning skal lysast ut, slik at alle i målgruppa kan søke om tilskot. Det er eit viktig prinsipp som sikrar open informasjon til aktuelle søkarar, og at dei som søker handsamast likt. Eg meiner at open og lik handsaming er viktig, og ønskjer generelt å sikre opne utlysingar for tilskotsordningar som blir lagt fram i statsbudsjettet.