«Eg skjønar ikkje kvifor det ikkje skal vere mogleg å ta med bilen på båt mellom Smørhamn og Florø»

Johan Vadøy  Foto: Kjell Askeland

Meninger

Dette lesarinnlegget er skrive av Johan Vadøy, Bremanger.

Smørhamn er eit knutepunkt i Bremanger. Der er ekspressbåtanløp, og båtane som går mellom Florø og Måløy går til kai der fleire gongar dagleg.

Eg meiner det er viktig at ferjelemmen i Smørhamn blir tatt i bruk. Fleire av hurtigbåtane som går mellom Måløy og Florø har ferjelem, men lemmane er aldri i bruk.

Mellom Smørhamn og Florø er det faktisk ein del trafikk, og mange ønsker å ta med seg bilen på båtane mellom Smørhamn og Florø. Per i dag er dette ikkje mogleg. Hadde ein kunne tatt med seg bilen mellom Smørhamn og Florø hadde ein spart over ein time i reisetid.

Og når ein først har kome seg til Florø, er det «flate stovegolvet» inn til Førde.

Eg har snakka med nokre av mannskapa på båtane som trafikkerer i området, og dei har og undra seg på kvifor ferjelemmane på båtane ikkje blir tatt i bruk for å frakte bilar mellom Smørhamn og Florø.

Vinterstid, med snø og glatte vegar, er det mange som kvir seg på å køyre over Magnhildskaret.

Det å kunne køyre bil om bord i båtane som går mellom Smørhamn og Florø er noko som eg veit at mange ville nytta seg av, om tilbodet fanst.

Ferjelemmen på Smørhavn burde uansett vere heldt i stand, også med tanke på beredskap. Ved større ulukker kan det vere ein stor fordel at ein har ein ferjelem som kan nyttast til ambulansar og anna.

Eg skjøner kort og godt ikkje kvifor dette ikkje skal vere mogleg å få til.