Markerte Eldredagen

126 festkledde pensjonistar frå fire lag koste seg med underhalding, talar og god mat

Dette innlegget om markeringa av Eldredagen i Stad kommune er skrive av Anne-Karene Vederhus. På bildet er det Olga Pavlova som underheld.   Foto: Anne-Karene Vederhus

Meninger

Dette innlegget om markeringa av Eldredagen i Stad kommune er skrive av Anne-Karene Vederhus.

Eldredagen i Stad kommune vart feira med tilstelning på Stad Hotell der Stadlandet Pensjonistlag var arrangør i samarbeid med Eid, Bryggja og Selje Pensjonistlag. 126 festkledde pensjonistar frå dei fire laga var påmelde, samt dei som skulle underhalde.

Storstova på Stad «Vestkapp» var fint pynta med kvite dukar og lys, og festen vart innleia med lystige «Sørensens vals» framført av Olga Pavlova og Dagfinn Lågeide. Direktøren for hotellet, Øystein Wiig Rambøl ynskte oss velkomne til Stad Hotell og gledde oss med dikt og sangen «De nære ting». Leiaren i Stadlandet Pensjonistlag, Anne-Karene Vederhus, stod for festleiinga.

Siri Sandvik fekk ordet fyrst med helsing frå Stad kommune, og ho orienterte om temaet for Eldredagen 2021: Å kjempe for ei meir rettferdig og friskare verd for alle, og ho fortalde om Stad kommune sine framtidsplaner for dette.

Siri Sandvik  Foto: Anne-Karene Vederhus

«Ord for dagen» var hausttankar og dikt av Lars Almklov, presentert av Marit Fure.

Johan Kroken kåserte over emnet «Knud Martinius Haldorsen Sjaastad – Liv og Lagnad 1839 – 1923. Han innleia med å seie at det var inga solskinnshistorie, men ein tung og vond lagnad der fattigdom, sjukdom og død rådde, for slik var det på den tid.

Johan Kroken 

Olga og Dagfinn spelte fleire vakre musikkstykke, og Olga framførte ein russisk song slik berre ho kan! Elles spela dei til allsongane: Songen til bygda, Den siste rosen med fleire.

Kristen Hundeide hadde innslag for Eid Pensjonistlag, han las m.a. artige dikt av Jakob Sande. Gunnhild Solheim hadde innslag frå Selje sitt lag, ho las også dikt og delte nokre artige tankar frå «Vikjahuset». , men presiserte at ho sjølv aldri hadde fått den ære å få opphalde seg der!

Kristen Hundeide 

Margunn Ervik for Bryggja Pensjonistlag las sjølvskrive dikt, og til slutt delte ho nokre tankar om korleis mannen er prioritert i namn på byar, stader, merkedagar og andre ting. Kvifor er kvinner sjeldan nemnde? Eit av dei få stadene vi damene er nemnde i, er ordet «ei gamal røy».

Det var loddsal – og så var det servert fantastisk god mat. På menyen stod Ervik Havfiske si fiskesuppe m. focacciabrød attåt og deilig bløtkake og kaffi.

Leiaren for Eid sitt lag, Anne-Marie Seljeset, takka for samværet og uttrykte ynskje om at vi neste gong samlast hjå dei på Eid. Anne-Karene takka dei som kom frå Eid, Bryggja, Selje og Stadlandet samt dei som stod for underhaldninga.

Det vanka også blomster til Siri Sandvik, Johan Kroken, Kristen Hundeide, Olga Pavlova og Dagfinn Lågeide.