«Statsforvaltaren må sjå på kva Helse Førde driv med»

AMTSKAIA: Dette innlegget er skrive av Kjell Ulvestad, Bremanger. Ved denne kaien skal ambulansebåten legge til  Foto: Privat

Kjell Aga Ulvestad.  Foto: Privat

Meninger

Dette innlegget er skrive av Kjell Aga Ulvestad, Bremanger.

Statsforvaltaren må sjå på kva Helse Førde driv med

«Det var eit godt møte» sa Helse Førde direktør Arve Varden etter møtet i Bremangerhallen om forslaget til ny ambulanseteneste for Ytre Bremanger.

Eit godt møte? For kven? Heilt sikkert ikkje for folket i Ytre Bremanger, som på møtet fekk servert eit farleg dårleg forslag til ambulansetenesta for folket her ute, som unisont og utan å nøle kasta heile forslaget på sjøen.

Pinleg for Helse Førde er vel eit meir passande ord om møtet. For står ikkje direktør Arve Varden der og seier at, ja, i forslaget til ny ambulanseteneste bryt vi responstida for utrykking, men det er eit godt forslag likevel!

Hallo! Alle veit at det viktigaste av alt er komme fortast mogleg fram til pasienten. Det står om minuttar når ein skal redde liv. Difor er det ei sams forståing av at 25 minuttar er maks responstid.

Men så seier altså Helse Førde-direktøren det utrulege, vi bryt responstida likevel! Er vi i ytre Bremanger mindre verdt enn innbyggarar elles i landet? Han kunne like godt sagt rett ut at Helse Førde ikkje vil bruke så mykje pengar på folket i Ytre Bremanger.

Det er på tide at Fylkeslegen og Statsforvaltaren ser på kva Helse Førde held på med.

I Oslo har Statsforvaltaren oppretta tilsynssak mot Ullevål sjukehus. Bakgrunnen er at dei nye redningshelikoptera er for store for landingsplassen på sjukehuset. Ny landingsplass vil forsinke behandling av pasientar med mellom 15 minuttar og ein halvtime, og Statsforvaltaren vil undersøke kvifor ikkje sjukehuset har gjort meir for å bygge ny landingsplass og kutte ned på responstida. Overlege Erik Høiskar er ein av dei som har sendt bekymringsmeldinga til Statsforvaltaren. Høiskar seier at 15 minuttar kan bety forskjellen på liv og død.

Men her i Ytre Bremanger vil Helse Førde forlenge responstida til 60 minuttar! Og helsedirektør Varden seier framleis at det er eit godt forslag.

Helse Førde vil fjerne den døgnbemanna ambulansen stasjonert i Kalvåg. I staden meiner dei at ein ambulansebåt stasjonert i Florø skal ta seg av sjuketransporten i Ytre Bremanger. Dei seier at båten skal bruke 21 minuttar over Frøysjøen frå Florø til Kalvåg. Men det er ikkje slik kvardagen er. I beste fall tek det 21 minuttar frå båten legg frå kai i Florø til den kjem til kai i Kalvåg, på ein godvêrsdag.

Men kor lang tid tek det frå alarmen går til båten går frå Florø? Søv mannskapet om bord, til dømes? Og kor lang tid tek det frå båten kjem til Kalvåg, til dei har leita fram sjukebilen i Kalvåg og lasta inn materiell, og er klar til å køyre til pasienten? Då snakkar vi kanskje om 40 minuttar. Og det er framleis ein godvêrsdag.

Så når sjukebilen kjem fram til pasienten kan vi rekne med at det har gått ein time. Ein time responstid! Kva skjer dersom pasienten har hjarteinfarkt?

Ein av dei to fastlegane her ute har rykka ut til pasienten, og blir ståande med vedkommande åleine ein time til han får den hjelp og støtte som dagens ambulanse kan gje han på nokre minuttar. I dag skjer det ofte at ambulansen kjem fram før legen, og er ein viktig ressurs for han.

Når så pasienten er klar for transport til ambulansebåten, dersom vedkommande framleis er i live, blir det omlasting frå bil til båt i Kalvåg, og frå båt til bil i Florø. Men kven skal køyre ambulansen i Kalvåg på plass, og reingjere og klargjere den til neste oppdrag?

Direktør Varden seier at svaret på slike spørsmål skal dei komme tilbake til. Nei, gjer no endeleg ikkje det. Legg heller forslaget i ei skuffe og kast nøkkelen! For som det vart sagt på folkemøtet, forslaget er ei skam. Totalt ubrukeleg.

Lat det framleis vere døgnbemanna ambulanse i Ytre Bremanger, med ambulansebåten som eit supplement.

Med ordninga Helse Førde vil innføre får hardt pressa fastlegar endå meir å gjere, med meir press på legekontoret, og dårlegare tilbod til legane sine pasientar, vi som bur i Ytre Bremanger. Det er faktisk ca. 1700 av oss, nesten halvparten av innbyggarane i Bremanger kommune.

Har ikkje vi krav på, og rett på, ein døgnbemanna ambulanse med responstid innanfor 25 minuttar? Sjølvsagt har vi det, som alle andre.

Helse Førde som er på ville vegar, og må få hjelp til å sette pasientane i fokus, og ikkje la pengane styre.

Pengar ja. Då det i si tid, for 2–3 år sidan, vart sett ned eit utval som skulle sjå på andre, og billegare, måtar å drive ambulansetenesta på, var kostnader eit sentralt argument. Korleis ligg vi an der no? Kor mykje vil det koste å drive ambulansetenesta i Ytre Bremanger etter den nye modellen? Det har eg ikkje sett Helse Førde har sagt noko om.

Det er for så vidt ikkje så nøye. Eit forslag som vil gje ei responstid på 60 minuttar kan rett og slett ikkje bli vedteke.

Bremanger kommunestyre skal på møtet 7. oktober komme med uttale om forslaget til ny ambulanseteneste i Ytre Bremanger. Noko anna enn eit samrøystes nei til forslaget vil ikkje bli forstått.