«Barnefamiliar og ambulansekutt: Minutta var ikkje mange, men dei var likevel svært lange»

Marius Valaker Frøyen (blå jakke) heldt innlegg på vegner av småbarnsforeldre i ytre Bremanger under folkemøta i september. Torsdag skal Helse Førde sin prehospitale plan opp i kommunestyret i Bremanger og dei skal formulere si høyringsuttale.   Foto: Siri Kolseth

Meninger

Dette lesarbrevet, appellen og høyringsmerknaden stiller eit knippe barnefamiliar i ytre Bremanger seg bak: Odd Jonny Grotle, Ane-Jørgine Frøyen, Marius Valaker Frøyen, Therese Hauge, Svein Arne Torvanger, Benedicte Solbakken Hamre, Janne Kjærstad, Tom Milan Hem, Tore Røys Nesbakk, Ulrikke Bakke Andersen, Paul Stian Igland, Hege Nygård, Katrine Nygård, Andreas Gjersund Runningen, Johanne Nygård, Trond Furnes, Ole Morten Kjærstad, Cecilie Kaas Iversen

Barnefamiliar og ambulansekut

I Vennebyen er ambulansen Ambus ein av heltane, i Pontypandy er det brannmann Sam som trør til når nauda er trengande. Dei er på vakt, klare til oppdrag heilt i nærleiken av sine brukarar. Dei øver, dei hjelper og dei er lommekjende i sitt område. Spesielt er det dramatikk og ekstra fart på utrykkinga dersom det er borna Georg, Mandy eller Sara som treng hjelp.

Her i ytre Bremanger har vi i dag våre heltar som hjelper born og vaksne når vi treng akutt medisinsk hjelp. Dei er kjende, dyktige og heilt i nærleiken.

Snart kan styret i Helse Førde vedta å fjerne desse nære heltane.

Våre born er ikkje Mandy og Georg, men mellom anna Håkon, Oliva, Melissa og Vetle. Alle desse har dei siste åra hatt ambulanse på tunet få minutt etter vi som føresette først ringde om hjelp. Minutta var ikkje mange, men dei var likevel svært lange.

Helse Vest fatta i 2016 vedtak om at dei skulle arbeide systematisk for at tida frå 113-oppringing til ambulanse er på hendelsestaden skal vere nærast mogeleg 12 minutt i tettbygde strok eller 25 minutt i grisgrente strok i minst 90 prosent av oppdraga. Framlegget styret i Helse Førde no skal ta stilling kan verte eit vedtak som fører til at store delar av Bremanger ikkje når nokon av desse utrykkingstidene, i 100 prosent av oppdraga.

I same møte som Helse Førde valde å legge prehospital plan for Bremanger ut på høyring, behandla dei også budsjettarbeidet. Vi får innsyn i at Helse Førde legg opp til eit overskot på 105 millionar totalt dei fem neste åra.

Å følgje arbeidsmiljølova og ha ein døgnbemanna ambulanse i ytre Bremanger opplyser Helse Førde vil vere om lag 2 millionar dyrare enn den føreslegne løysing med båt og dei 2 utstasjonerte ubemanna bilane, per år.

Den dagen nauda er stor, må det vere uverkeleg å sitje med eit blodig eller livlaus born i armane, kanskje medan ein kan sjå bort på ein ubemanna ambulansebil på kaia i Kalvåg eller Leirgulen. Dette for at Helse Førde skal gå med kun 95 millionar i overskot, i staden for budsjetterte 105 millionar i overskot på desse 5 åra.

På Barne-TV ser vi også redningsskøyta Elias i Lunvik som gjer ein god jobb på sjøen. Men med om lag 350 utrykkingar, slik som snittet til ytre Bremanger, så trur vi til og med Elias ville gape over for mykje om han også skulle ta over alle ambulanseoppdrag i Lunvik.

Ambulansebåten som er føreslege å tene heile ytre Bremanger, var i utgangspunktet tiltenkt øyane i Florøbassenget. Ein forlaten ambulansebåt godt fortøydd til kai i Kalvåg, med eit båtmannskap på 4 hjul langt inn over fylkesvegen på Bremangerlandet vert til lite hjelp når nauda er stor for born og vaksne på Kinn, Batalden og Askrova. Desse borna og foreldra må også bli orienterte om konsekvensane av dei føreslegne prehospitale løysingane.

PRATE, SMILE, LØFTE. Plutselig vanskelig å prate, smile eller løfte armene? Det kan vere hjerneslag. Ring 113 – kvart sekund teller. Dette er ei gjengiving frå ei reklame frå Helsedirektoratet.

I ei utrykking med bruk av ein kjede med bil og båt er det visst ingen norm eller krav til responstid. Her rår styret i Helse Førde sjølve over liv og død til born og andre innbyggjarane i ytre Bremanger.

Ytre Bremanger er ikkje eit forlatt fiskevær på ei aude øy. Det er eit komplett vegfast heilårsamfunn med 1000-vis av menneske som lever og besøkjer samfunnet kvar veke. Det er over 200 born i barnehage og skulen. Når borna våre er hardt skada, mor har styrtfødsel eller ein besteforelder får hjarteinfarkt, synest vi den føreslegne løysinga med ambulansebåt frå Florø er eit tilbakesteg for alle innbyggjarar i Bremanger. Er det verkeleg slik styret i Helse Førde vil møte pasientane sine i år 2021?

Dette er også appellen som Marius Valaker Frøyen framførte på Hauge skule i samband med markeringa 15. september.

Det blir også sendt til Helse Førde som høyringsmerknad for prehospital plan fase 3.