«Ingen ting vil glede meg meir enn om Jacob Nødseth har rett om arbeidsgjevaravgifta»

Nils Myklebust har skrive dette innlegget.  Foto: Erling Wåge

Meninger

Dette lesarinnlegget er skrive av leiar i Kinn Senterparti, Nils Myklebust, og viser til denne artikkelen i Fjordenes Tidende frå 13. oktober.

Ingenting vil glede meg meir enn om Jacob Nødseth har rett i at statsbudsjettet for neste år legg opp til at Vågsøy-delen av Kinn får halde fram med ei arbeidsgjevaravgift på 10,6 prosent. Dette har i tilfelle ikkje kome av seg sjølv, og dette er også noko som eg og Kinn Senterparti har jobba hardt for.

Ein ting er sikkert, det ville aldri skjedd om vi politikarar ikkje hadde løfta denne saka opp til regjering og storting.

Dilemmaet er at det stod tydeleg og klart i fråsegnene som kom før kommunereforma starta, at når to kommunar sleg seg saman, så skal den nye kommunen ha den arbeidsgjevaravgiftssatsen som den mest folkerike av dei samanslåtte kommunane har.



Så om ein ikkje går vekk frå dette prinsippet i det endelege statsbudsjettet, så vert det dessverre slik at arbeidsgjevarsatsen for Vågsøy-delen av Kinn vert auka frå 10,6 til 14,1 prosent, både for kommunen og næringslivet, når lønnsutgiftene overstig eit visst nivå.

Sidan denne debatten starta, har eg alltid sagt at det beste for Kinn kommune ville vore om Flora-delen av kommunen fekk Vågsøy-delen sin sats, men denne setninga om at den mest folkerike kommunen skal styre satsen stenger jo for det.

Jacob Nødseth tolkar det som han finn i forslaget til statsbudsjett som at dei samanslåtte kommunane berre kan fortsette med differensiert arbeidsgjevaravgift, og at kampen soleis er over. Men det er han definitivt ikkje. Kampen har ikkje eingong starta. Regelverket må nemleg godkjennast av ESA. Og det må gjelde for heile landet, ikkje berre for Kinn kommune. Dette burde Jacob Nødseth, som er jurist, og påstår at han har eit semester utdanning i kommuneforvaltning, vete.

Å gå ut og kalle meg ein krisemaksimerar blir i alle fall heilt feil, når alt eg gjer er å vise til kva gjeldande regelverk seier, og kva konsekvensar det gjev. Dersom dette er krisemaksimering, så skal eg la Nødseth få lov å kalle det det, men det er altså myndigheitene han må rette skytset mot, og ikkje meg. Dessutan har Venstre sete i regjering og hatt mogelegheit til å påverke dette, om det hadde vore mogeleg.

Så langt er det dessverre ingen ting som tyder på at tidlegare Vågsøy kommune vil kunne behalde den lågare arbeidsgjevaravgifta på sikt, men om denne debatten kan føre til at dette vert endra, så er det berre positivt.