«Kor tid skal politikarane begynne å sjå på kva som er barnet sitt beste?»

Aina Alfredsen Førde, forbundsleiar i Norges kvinne- og familieforbund, har skrive dette brevet til den påtroppande regjeringa. Bildet er tatt ved eit tidlegare høve.  Foto: Ingrid Elisabeth Haugen

Meninger

Dette innlegget er skrive av Aina Alfredsen Førde, forbundsleiar i Norges kvinne- og familieforbund.

Kontantstøtta

Det høyrast så flott ut når påtroppande regjering snakkar om at det er vanlege folk sin tur, og at vi skal lytte til folket. Kven er vanlege folk? Og kvifor vil de ikkje lytte til folket i denne saka?

Det er med stor skuffelse vi ser at kontantstøtta skal fjernast for barn mellom 18 og 24 månader.

Dei foreldra som vel kontantstøtta er vanlege folk som ønsker det beste for sitt barn.

Ny forsking viser at det beste for barn under tre år er å få vere heime med ein av foreldra. Grunngjevinga for dette er ifølgje tilknytningsforskninga, at separasjonsangsten er ein medfødd form for angst, som både er nødvendig og grunnleggande for utvikling og styrking av banda mellom foreldre og barn. Separasjonsangsten er på sitt sterkaste hos barn frå sju-åtte månader og fram til 3 års alderen.

Frå 23. september til no er det 5675 medlemmer i gruppa: Behold kontantstøtten!

I vår underskriftskampanje Bevar kontantstøtta! er det no 7259 personar som har signert. Dette fordi dei ønsker ein valfridom til barnet sitt beste!

Kor tid skal politikarane begynne å sjå på kva som er barnet sitt beste?

Det er ikkje for seint å snu i kontantstøttesaka.

Lytt til vanlege folk som ønsker det beste for sitt barn!