«Når Nødseth no prøver å innkassere siger i dette spørsmålet så er det nok litt for tidleg»

Dette innlegget er skrive av Geir Oldeide.  Foto: Seline Larsen

Meninger

Dette innlegget er skrive av Geir Oldeide (R) og er ein kommentar til uttaler Jacob Nødseth gir i ein artikkel om arbeidsgjevaravgifta.

Litt for mykje tran, Nødseth?

Ser at Jacob Nødseth og Venstre jublar over at det ikkje blir heving av arbeidsgjevaravgifta i Vågsøy slik mange av oss frykta i forbindelse med danninga av Kinn. Han bygger dette på det statsbudsjettet som regjeringa til Solberg la fram før dei gjekk av no. Der foreslår nemleg regjeringa å vidareføre den praksisen som har vore sidan samanslåinga med at vi har to forskjellige satsar innafor Kinn. Bedriftene i gamle Vågsøy beholdt sin lågare sats enn Flora som ei overgangsordning.


Det ligg an til at arbeidsgjevaravgifta ikkje aukar: – Det er i så fall fantastisk gode nyheiter for næringslivet

Forslaget til statsbudsjettet legg opp til at Vågsøy-delen av Kinn kommune skal halde fram med same arbeidsgjevaravgift som i dag.


Når Nødseth no prøver å innkassere siger i dette spørsmålet så er det nok litt for tidleg. Ikkje først og fremst fordi dette kjem i eit forslag til statsbudsjett frå ei regjering som ikkje lenger finst. Sjølv om det kanskje også burde telle med. Nei, først og fremst fordi dette ikkje er noko som blir avgjort av verken Storting eller regjering. Dette blir avgjort av ESA (les: EU). Det er ESA som skal foreta den gjennomgangen av heile systemet som eigentleg stod for tur i fjor, men som vart utsett eitt år. Den skal altså vere ferdig før nyttår.

Spørsmålet er heilt ope fortsatt. Det innrømmer også regjeringa sjølv i det framlagde budsjettforslaget som Nødseth jublar for. Sjå følgande sitat fra forslaget til Solberg-regjeringa sitt statsbudsjett:

«De nye retningslinjene åpner igjen for at sektorene transport og energi kan inkluderes i horisontale driftsstøtteordninger, som ordningen med differensiert arbeidsgiveravgift. Ordningen kan også omfatte bredbånd. Norge har dermed fått gjennomslag for innspillene til Europakommisjonen om at horisontale driftsstøtteordninger bør ha færrest mulig sektorunntak. Muligheten for å bruke ulike satser innenfor sammenslåtte kommuner er ikke avklart.»

Så kva regjeringa Solberg foreslår, og kva Jacob Nødseth ønsker er no ein ting. Eg har ingen problem med å slutte meg til det ønsket både for kommunen og bedriftene i gamle Vågsøy. Men det kan vere greitt å hugse det gamle ordtaket: «Ønske i den eine handa og spytt i den hi – og sjå kva for ei du får mest i.»