«Korleis vil de forklare at Kinn bruker 6,4 mill. meir  i 2020, og heile 7,9 mill. meir i 2021, utan fleire tilsette i hovudadministrasjonen?»

Dette lesarinnlegget er skrive av Nils Myklebust, leiar i Kinn Sp.  Foto: Erling Wåge

Meninger

Dette lesarinnlegget er skrive av Nils Myklebust, leiar i Kinn Sp.

Svar til Ola Teigen og Trond Ramstad Olsen

De nærmast latterleggjorde min påstand om mange nytilsette i Kinn kommune sin hovudadministrasjon i Firdaposten den 18.10. Der påstod de også at det berre var tull all den tid det er innført stillingsstopp på alt anna enn sjukepleiarar. Kan de då forklare korleis ein klarer å bruke 6,4 millionar kroner meir i 2020 og heile 7,9 millionar kroner meir enn det som er budsjettert i 2021 utan at der må vere tilsett fleire?

No er det no ein gong slik at tala avslører.

Dersom ein går inn på kommunen sine rekneskap for 2020 så står der følgande:

2020:

Opphavleg budsjett sentraladministrasjonen 2020: kr 81.450.744

Rekneskap 2020 kr 87.887.353

Overskriding = kr 6.436.606

2021:

Opphavleg budsjett sentraladministrasjonen: kr 89.759.000.-

Årsprognose 2021 kr 97.671.000.-

Overskriding = kr 7.912.000-.

Dette viser at om ordførar hadde sett etter at kommunedirektøren hadde følgt dei budsjetta som var vedtekne både i 2020 og for 2021 - Ap var med på begge - så hadde ein kunne fått betre kontroll på økonomien. Men det ser ikkje ut til å bekymre noko særleg.

Så viser Teigen til Sp sine innsparingskrav, 20 millionar kroner. Hadde ordføraren i det minste lytta litt til Sp, så hadde kanskje økonomien i Kinn vore under kontroll. Det er den ikkje i dag, ifølge økonomisjef Lind Nipen. Og sparepengane er oppbrukte. Korleis vil Teigen handtere dette?

Så viser Teigen til snorklipping både på den nye turnhallen og Kulatoppen omsorgssenter. Men dette var prosjekt som var vedtekne i Vågsøy før det vart Kinn kommune.

Så viser Teigen til at verken Skram skole eller brannstasjon var prioritert i Vågsøy, men kven var det som ikkje prioriterte? Det var Ap, H og V. Dei andre partia hadde ny skule i sine budsjett i mange år. Så å rette den kritikken til Sp er i alle fall skivebom.

Imøteser dykkar svar.