«Myklebust snublar i tal – igjen»

Dette lesarinnlegget er skrive av ordførar i Kinn, Ola Teigen, og er eit svar på Nils Myklebust sitt innlegg som stod på trykk i Fjordenes Tidende tysdag 26. oktober  Foto: Seline Larsen

Meninger

Dette lesarinnlegget er skrive av ordførar i Kinn, Ola Teigen, og er eit svar på Nils Myklebust sitt innlegg som stod på trykk i Fjordenes Tidende tysdag 26. oktober:



Myklebust snublar i tal – igjen

Nils Myklebust er på nytt ute og peikar på eit overforbruk som ikkje eksisterer. Tidlegare har han påstått at lønsharmonisering ville koste kommunen 50-60 millionar. Den vart kroner null. No meiner han at kostnaden med å administrere kommunen har stige med om lag 14,5 millionar. Dette er også heilt feil.

Staten har pålagt kommunane å føre sine utgifter etter visse prinsipp. Eit av prinsippa er at vi skal ha ein felles mal i kommune-Noreg for talrapportering slik at vi kan samanlikne kommunane i ei såkalla Kostra-rapportering. For Kinn sin del betydde dette at huskostnadar måtte overførast frå ansvarsområde Teknisk (Bygg og eigedom) til ansvarsområde Administrasjon. Når husleiga til administrasjonslokalane våre utgjer om lag 14,5 millionar betyr dette at sektoren får ei budsjettauke på 14,5 millionar. Teknisk avdeling får tilsvarande reduksjon. Summen budsjettauke for kommunen vert kroner null. Dette har kommunedirektøren forklart til finansutvalet, det er også presisert i 2. tertialrapport i år.


Varslar om ein lite berekraftig kommuneøkonomi: Sprekk med 24 millionar etter andre tertial

– Ut frå kjent økonomisk informasjon på tidspunkt for rapportering, må Kinn kommune balansere driftsrekneskapen med betydeleg bruk av bufferfond i 2021, seier kommunalsjef økonomi Linda Nipen i rapporten etter andre tertial.


Hadde vi då lytta til Myklebust og Sp måtte vi sette administrasjonen på gata. Eg tviler på at dette ville bidra til å få kontroll på økonomien, slik Myklebust trur. Tvert om, å bruke pengar som ikkje eksisterer til å redusere til dømes eigedomsskatt gjer oss ytterlegare sårbare og går sterkt utover tenestene til innbyggarane. Både eg og Ap meiner det er andre grep og reelle grep som må til for å få orden på økonomien i kommunen.

Som ein kommentar til påstanden om at det er berre i Florø spaden går i jorda for nye investeringar viser eg til at dette narrative er feil. Eg har vore med på opning av Turnhallen og straks er Kulatoppen klar. Høgst prioritert etter dette har Skram skole. Myklebust avfeiar dette og viser til at dei var vedtekne i Vågsøy. Då vil eg minne Myklebust på at både ny gymsal ved Florø barneskole, fotballhallen og nytt administrasjonslokale er vedteke av Flora kommune utan at dei er realisert så langt. Eg vil og minne Myklebust på at finansieringa var mangelfull på Kulatoppen og Skram mangla om lag 300 millionar. Det kan òg leggast til at Vågsøy budsjetterte med ei innsparing på over 40 millionar årleg for å balansere budsjettet i 2020 og utover. Denne innsparinga var ikkje konkretisert. Innsparingskravet forsvinn ikkje som følgje av ei kommunesamanslåing, ansvaret for dette er det Kinn kommune som no har.


– Vi må la langsiktige måltall styre budsjettarbeidet i årene fremover

Økonomisjef Linda Nipen i Kinn kommune mener at budsjettarbeidet i årene fremover må styres av langsiktige måltall. Hun mener snuoperasjonen som Rana kommune har gjennomført er et eksempel til etterfølgelse.


Framover må vi vere budde på at sektorar må spare pengar, særleg der kor vi brukar aller mest. Rapporten for 2. tertial viser at vi brukar meir pengar enn vi får inn. Dette vil hemme evna til å investere framover om vi ikkje klarar å kutte i drift. Det blir alle sitt ansvar framover og innsparinga må vere reell.