Les denne teksten fra Knut Djupedal

«Mi mor, Kjellaug, var i Vika da mina sprang i lufta»

Knut Djupedal si mor, Kjellaug Djupedal fortel om hendinga med mina som sprang i lufta i 1942.  Foto: Siri Kolseth

Meninger

Dette innlegget er skrive av Knut Djupedal.

Om miner i Selje i 1942

Den 19. mars 2015 kom Sjøforsvaret til Selje og sprengte ei mine frå krigens dagar som blei funne like sør for Ersholmen. Seinare fortalde Oddbjørn Nygård i Fjordenes Tidende at denne mina hadde drive mot land ved Holmavika og at hans far, Olav Nygård, var med på å slepe den vekk frå Vika og bort under Ersholmen.

Mi mor, Kjellaug Djupedal, frå Kvamme, var i Vika då dette skjedde. Ho skreiv om denne hendinga og om ei anna mine, i tre brev til sin kommande ektemann, Lars Djupedal, mellom september og desember i 1942. Eg gir att her hennar skildring av hendingar denne hausten. Eg har sett inn nokre få merknader, men elles er alt skrive av Kjellaug Djupedal.

Den 25. september skriv ho:

«Den mina du veit som heldigvis ikkje sprang i lufta då du var i nærleiken vart send til vêrs ein dag i førre veke. Husa i Selje rista og det same gjorde alle innvånere. Ute på Grytingane ramla steinane ned gjennom låvetaket – stabbursveggane bles inn og syltekrukker og saftflasker og diverse krus for i tusenvis av molar. Det var visst mykje som tok skade etter som det seiast, men folket hadde heldigvis berga seg ut. Det skulle berre mangle forresten. Jammen kunne dei fått bod før. Men slik er det.

På Hamre har vore rassia, etter kva, «I don’t know». Men stort spetakkel var det – mykje skjenn – Johanne gret – o.s.b. Men du kor vi lo om kvelden då eg kom opp – Ha- Ha- ha! Men eg kan diverre ikkje fortelje alt.»

Så to månader seinare, den 25. november, skriv ho:

«I dag har vi her i Selje trudd at vi var komne midt i «skotlina». Det har ikkje gjort anna enn dundra og smelt i heile dag. Åtte gonger har vi vore på veg opp i skyene i dag. I slikt eit veir kan du vite at det driv miner til lands. [Tidlegare i brevet skriv ho at det blåste sterkt frå vest den dagen.] Eg har sett mi første hornmine i dag. Men her skal du få historia.

Middag nede hjå han «Ola i Vika».

Oddmund: «Det er koma ei mine inn i Moldefjorden» (Det er heldigvis ikkje sant).

Martha: «Nei kva seier du! Ja, det ligg vel ei nede i fjæra her òg.»

Oddmund: «Ja, det skal du ------- sjå.»

Ola ser ut glaset. «Nei, no vert her hunden ikkje verande lenger. Her kjem ei mine til lands!»

Alle til glaset. Ei svær hornmine kjem drivande med så god fart som vind og straum kan føre henne.

Aletta: «Roma kjem til å ramle ned. Vi må berge det som berges kan!»

Vikafamilien vakna til liv. Ein triv ein spegel, ein annan eit bilete. Alt vert pakka ned i sengene. Snart er Vikastova ribba for alt som kan knusast. Oddmund driv så sveitten silar med å ta vindauga ut. Til slutt dreg dei til kvar sin kant.

Oddmund og Hjalmar Grytting tek ein robåt og baskar seg bortover mot mina. Enden vert at dei kaldblodige karane fangar henne i eit garn. I mellomtida har altså andre kome til hjelp, som ein motorbåt og ein robåt til [i.e., Motorbåten tilhørte Olav Nygård]. Eg har høyrt at han Ola sjølv var med, men veit ikkje om det er sant.

Garnet slitna utfor vågen og «Nabbenesarane» tok til fjells. Men dei modige karane slo ein knute kring henne og drog henne vidare. Så slepte dei mina bort under Ersholmen og bandt ho fast der med eit snøre. Det er altså ei av dei største hornminene folk har sett. Eg har ikkje sett noko slikt før.»

Så var det slik at mor og ein del andre jenter var med i et sykurs, og dei hadde møte seinare på same dag.

«Oppe på sykurset vart det slutt og vi fekk fri og krabba oss opp på Nova. Medan vi stod der var det ei mine som gjekk på skjæra utfor Silda. Det vart brått så lyst og så fylgde ei røyksky og ein smell. Og så var det ein saga blott.»

To veker seinare, den 6. desember 1942, skriv ho:

«I det første brevet eg skreiv har eg skrive utførleg om ei mine som heldt på å drive opp i fjøra nedanfor «Vikatjønna». No er det snart 14 dagar sidan det hende, så det ligg liksom så langt attende at det er ikkje noko å skrive om. Eg kan berre fortelje at han Oddmund og nokre til fekk slepa ho bort under Ersholmen og festa ho der så Vikastova og Nabben var berga den gongen. Dagen etter skaut tyskarane hol i ho og ho sokk utfor Nabben eit stykkje. Eg forstår ikkje at dei kunne skyte hol i ho utan at ho eksploderte men det går an, seier dei som har vit på det.»

Så, 73 år seinare, blei mina henta av Sjøforsvaret og sprengt sør for Selja.

Dei som er nemnt i denne forteljinga er Ola Knutsson Hove (1884 – 1946); hans kone Martha Hove, f. Djupedal (1884 – 1973); deira son Oddmund Hove (1917 – 2004); deira dotter Aletta Austring, f. Hove, (1922 – 2013); og sambygdingen Hjalmar Grytting (1924 – 1990).