«No er det på tide å høyre på ungdommen og sikre oss ei trygg og god framtid når det gjeld skule og utdanning!»

Dette lesarinnlegget er skrive av Siri Solibakke (nede f.h.) og Hanna Rønhovde. Begge er elevar ved Måløy vidaregåande skule og ønsker at fylkespolitikarane skal gjere det lettare for dei og medelevane deira å gå påbygg nærmare heimstaden.  Foto: Elise Silden

Meninger

Dette lesarinnlegget er skrive av Hanna Rønhovde og Siri Solibakke. Begge er elevar ved Måløy vidaregåande skule og ønsker at fylkespolitikarane skal gjere det lettare for dei og medelevane deira å gå påbygg nærmare heimstaden.

Høyr på ungdommen!

Blir ungdommen og vår framtid prioritert i dagens samfunn? Kva tenkjer politikarane om oss elevar? No vil vi at de høyrer på oss ungdommar når det kjem opp saker som angår oss og vår utdanning. Det er tross alt vi som er framtida. Vi som skal bestemme. Vi som skal ta framtidige val. Vi er dei unge vaksne.

Vi er ein gjeng elevar som går ulike linjer innan yrkesfag ved Måløy vidaregåande skule og vi har eit ynske om å gå vidare til påbygg til generell studiekompetanse etter VG2. Men det sterkaste ynsket er å gjere dette på heimplassen vår.

Disse seksten elevene som går VG1 helse- og oppvekstfag og VG2 barne- og ungdomsarbeider ønsker å gå videre på påbygg til generell studiekompetanse etter VG2. Og de ønsker å gjøre det på hjemstedet sitt.   Foto: Elise Silden

Tidlegare har vi vore ut i avisa om det sterke ynsket blant elevane om å få påbygg tilbake til skulen. Dessverre følte vi at dette ikkje var nok til å bli tatt seriøst.


Hanna, Cecilie og 14 andre ungdommer vil gå påbygg i Måløy. Nå utfordrer de politikerne til å få utdanningstilbudet hit

Seksten elever ved Måløy vidaregåande skule som Fjordenes Tidende har snakket med ønsker å gå videre på påbygg til generell studiekompetanse etter at de er ferdige med utdanningsprogrammene sine. Problemet er bare at linja ikke finnes ved skolen lenger.


For nokre år tilbake var det faktisk påbygglinje ved Måløy vidaregåande skule, men denne blei nedlagt. Vi meiner at lavt søkartal og mangel på lærarkrefter ikkje er eit problem lenger.

Sommaren 2021 blei det oppretta ei ekstra påbygg linje ved Eid vidaregåande skule fordi mange elevar sto utan skuleplass. No er det derfor to påbyggsklasser på Nordfjordeid, med totalt 60 plassar. Den sommaren var det to måløyværingar som var i avisa, Henriette Kvalheim og Mathilde Eksund Olsen som blei ståande utan plass og som også hadde eit ynske om påbygg til Måløy.


Om ny påbyggklasse i Måløy: – Vi kommer nok til å lyse ut strukturen slik den har vært

Sigurd Reksnes (Sp), medlem av hovedutvalget for opplæring og kompetanse i Vestland fylkeskommune, ønsker å tilpasse opplæringstilbudene til lokale behov. Men han kan ikke love en egen påbyggklasse i Måløy.


Politikarane høyrte på dei angåande ein ny påbyggklasse, men denne enda opp på Eid. Vi veit også at store delar av påbyggklassene på Nordfjordeid er folk frå Måløy eller folk som har gått VG1 eller VG2 her fyrst.

Mange av hybelbuarane i Måløy kjem frå Bremanger-området. Mesteparten av desse går yrkesfag og vi veit at dei nokre av dei har tankar om å gå påbygg. Er det verkeleg nødvendig for dei å måtte finne seg ein ny hybel når dei skal velje påbygg på VG3? Dette meiner vi er bortkasta bruk av pengar samtidig som desse elevane kanskje har fått eit sosialt nettverk og funne seg til rette i Måløy.

Vi har fått høyre frå både tidlegare elevar, lærarar og føresette at påbygg er eit krevjande år. Derfor meiner vi at pendling og hybellivet ikkje er vegen å gå. Vi treng å vere der vi kjenner tryggleik. Vi meiner dette er noko vi oppnår ved å gå på skule på heimplassen vår. Her har vi moglegheit til å vere saman med familien og vennane våre. Måløy er byen vår, her føler vi samhøyrigheit og nærleik. Vi synest også at skulemiljøet ved Måløy vidaregåande er godt og trygt.


Anbefaler ungdommene å ta fagbrev først og så påbygg

Karianne Torvanger, leder i hovedutvalg for opplæring og kompetanse i Vestland fylkeskommune, anbefaler elever som Hanna Rønhovde og Cecilie Myklebust fra Måløy som ønsker å gå videre på påbygg å ta fagbrev først.


Hybellivet kan fort bli einsamt og vi meiner det er unødvendig å måtte bu på hybel på Nordfjordeid når du kjem frå Måløy. Uavhengig om vi får stipend/lån så kostar det framleis å bu på hybel.

Så er det pendlinga frå Måløy til Nordfjordeid. Som sagt er påbygg eit krevjande år, og vi trur denne pendlinga kan vere med på å forverre studie- og skuleprestasjonane, noko som førar til at elevar fell frå. Det å stå opp og ta den tidlegaste bussen og samtidig komme heim seint kan verkeleg slite både på den fysiske og psykiske helsa til ungdommen. Pendlinga vil ta omtrent to timar fram og tilbake kvar dag om det er snakk om Eid, lenger om det er Florø. Vi veit om fleire som har slutta, nettopp fordi studiet kombinert med pendlinga blei for hardt.

Mange av oss har også jobb etter skulen, og dette føler vi er ei stor rollekonflikt når det kjem til å vere elev og arbeidstakar. Mange av oss kjem mest truleg til å måtte slutte i jobbane våra. Jobbane som då skulle hjelpe oss til å spare til vidare utdanning. Dette ser vi på som eit stort problem. Eit problem ein ungdom ikkje skal bli utsett for.



Så er det dei elevane som nesten blir kasta ut i hybellivet på grunn av at skuletilbodet for skyss ikkje er tilrettelagt. Linn Therese Aarseth frå Rundereim mellom Måløy og Selje er ei av desse. Bussrutene er ikkje tilrettelagt for at ho kan pendle, ho blir dermed nøydd til å flytte dersom ho skal gå påbygg.

Skal vi klare å gjere om på denne situasjonen, er vi avhengige av at fylkespolitikarane erkjenner denne utfordringa!


Har du fagbrev og ønskjer å gå påbygg? Då kan du sette deg på den virtuelle skulebenken hos desse alt i haust

Eid vidaregåande skule har nemleg fleire ledige plassar på nettstudium for vg4 Påbygging til generell studiekompetanse. Rektor Alf Reidar Myrstad seier at interesserte frå Vestland kan ta direkte kontakt med Eid vgs for oppstart no i haust.


Karianne Torvanger, leiar for hovudutval for opplæring og kompetanse i Vestland fylkeskommune, vil at yrkesfagelevane skal ta fagbrev fyrst. Dette meiner vi er unødvendig og bortkasta tid når vi veit at vi treng ei utdanning med studiekompetanse.

Meiner politikarane at vi skal gå to år som lærling, påbygg etter dette og så først over til vidare utdanning på høgskule eller universitet? Konsekvensen av dette er at utdanninga vår blir ekstra lang og at vi ikkje er ferdig med den før vi er godt opp i tjueåra.. For oss som allereie veit at vi treng den generelle studiekompetansen så er påbygg vegen å gå.



Det at politikarar meiner vi skal ta fagbrevet fyrst synest vi er bortkasta tid i utdanningsløpet vårt. Ja, eit fagbrev er bra å ha, men vi meiner at å ta påbygg og heller kunne ha moglegheita til å velje mellom å ta fagbrevet eller vidare studiar etter VG3, er ein mykje meir motiverande vei å gå.

Torvanger fortel at pågangen til påbygg er stor, men at strykprosenten er høg, noko ho meiner kan vere fordi elevane ikkje er førebudd på kva det inneber å gå påbygg. Vi trur at strykprosenten også kan henge saman med at det er ekstra hardt og tungt å måtte pendle fram og tilbake til eit så tøft studieår, og at dette er noko dei bør ta tak i.


Fekk skuleplass etter at fylkeskommunen utvida tilbodet: – Eg er så letta og glad

Etter at tilbodet for påbygg blei utvida med tre klasser i fylket kom Mathilde Eksund Olsen og Henriette Fløysand Kvalheim inn på skulen dei ønskte. Etter ein sommar med mykje nervar og usikkerheit fekk dei tilslutt den store gladnyheita litt over ei veke før skulestart.


Ho fortel også at fylkespolitikarane ser utfordringar med påbyggtilbodet og derfor vil ta det ned. Dette meiner vi er ein stor feil.

Det å få høyre at dette ikkje er ein aktuell problemstilling å diskutere, får oss til å tenkje at ungdommen ikkje blir skikkeleg sett og at våre utfordringar ikkje er så viktige.

Det må være lov til å ynske å bu og gå på skule på heimplassen vår. Mange av oss som tenkjer å gå påbygg er ikkje klare for å flytte. Vi meiner at fylkeskommunen bør jobbe for at vi blir verande på heimplassen, dette kan også vere med på å bidra til heimflytting etter vi har tatt utdanning, noko som er svært positivt for lokalsamfunnet og arbeidslivet her.

No, kjære politikarar, er det på tide å høyre på ungdommen og sikre oss ei trygg og god framtid når det gjeld skule og utdanning!