«Det einaste underteikna klarar å lese ut av rapporten frå PWC er at innsparinga bør skje i Florø og ikkje i Måløy»

Dette lesarinnlegget er skrive av Oddgeir Berge Falkevik.  Foto: Kjellrun Åsebø

Meninger

Dette lesarinnlegget er skrive av Oddgeir Berge Falkevik.

Kjøkkenet i Måløy!

Det har vore sagt mykje om nedlegginga av kjøkkenet i Måløy, men mykje fakta i ordvekslinga har det dessverre ikkje vore.

Administrasjonen i Kinn lener seg på ein Kaupang-rapport og ein PWC-rapport som grunnlag for vedtaket. Ser man på denne rapporten frå PWC, så sit man nesten igjen med fleire spørsmål enn svar. For kjøkkenet i Måløy er tala enkle og greie, og kostnadane på linje med kjøkkena i Selje og på Eid.

For Bordgleder er tala derimot ikkje så lette å bli klok på. Bordgleder har ein felles rekneskap for produksjon til Kinn og til catering. Utan å kjenne til historia bak Bordgleder, så verker det med fyrste augekast som tala for Bordgleder er tvilsame i rapporten. Ifølge Bordgleder sine eigne tal så kostar det altså Kinn 38 kroner per brukar per dag meir i Flora-delen enn i Vågsøy-delen. Dette trass i at sous vide eller kok og kjøl-produksjonen, skal vere ein langt billigare måte å produsere på.


Skal auke opp til 659 måltid kvar dag utan fleire kostnadar: – Vi har gjort det før

Bordgleder KF skal produsere 659 måltid kvar dag utan at dei faste kostandane auker. Ifølgje dagleg leiar i føretaket, Halvor Halvorsen, er det fullt mogleg.


Andre kjøkken som produserer middagar sous vide eller kok og kjøl, produserer enormt mykje billigare enn Bordgleder. Kvifor? Ifølge artikkel i Fjordenes Tidende så et rundt 520 personar totalt frå Bordgleder kvar dag, og altså 167 måltid går til Flora-delen av Kinn. Når Bordgleder tar over produksjonen til Vågsøy, så aukar altså Bordgleder produksjonen med 26 prosent. Desse 26 prosentane i auke påstår altså Bordgleder at dei kan ta i "ledig kapasitet. "

Kva som inngår i omgrepet ledig kapasitet er litt vanskeleg for underteikna å forstå. Påstanden frå Bordgleder er altså at dei kan produsere rundt 50.000 middagar til Vågsøy utan å bruke ei einaste krone ekstra i lønn. Korleis?

Forklaringa frå dagleg leiar om det å koke 11 liter eller 45 saus liter tar like mykje tid, verkar syltynn.

Og kva straumlinjeforma tiltak har eigentleg Bordgleder gjort no, som dei ikkje har gjort før? Betyr det så at Bordgleder har om mogleg endå større overkapasitet enn det PWC-rapporten viser?

Og om den ledige kapasiteten er så enormt stor, kvifor ikkje kutte ei stilling eller to hos Bordgleder?


Dagleg leiar meiner jobbutlysing på video ikkje stemmer: – Vi skal ikkje bemanne opp

Halvor Halvorsen, dagleg leiar i Bordgleder KF, kjenner ikkje til NAV-videoen som opplyser om at det kommunale føretaket i Florø er på jakt etter to faste kjøkkenassistentar.


Spørsmålet stiller seg også sjølv om kvifor tidlegare Flora, og no Kinn, har betalt for ekstremt dyre produkt hos Bordgleder? Hadde Bordgleder produsert til same kostpris som i Måløy, så hadde Kinn spart 2 millionar kroner per år! I staden for så er altså genistreken å spare ein teoretisk og tvilsam sum på 1,7 millionar kroner per år ved å legge ned det velfungerande kjøkkenet i Måløy?

Det har også vore diskutert fram og tilbake om kvalitet på maten i Måløy vs. Flora. Eg trur at dei eldre i både nord og sør et godt med dagens ordning. Snur man argumentasjonen, så skulle altså kjøkkenet i Måløy ha klart å brukt 1,7 millionar meir per år for å kome opp på same kostpris som maten i Flora-delen av Kinn! Eg ser for meg både ein likør eller ein konjakk til dei eldre kva einaste helg.

Bordgleder-rekneskapen viser at av totalkostnad på 23,1 MNOK så er 10,5 MNOK ført som kostnadar for produksjon til Kinn. Delar man 10,5 MNOK på tal serveringar per år så blir kostnad per brukar per dag som i rapporten 172 kroner. Det vil også seie at restkostpris for catering blir på 12,6 millionar. Ifølge tal i media, går rundt 353 av produksjonen på 520 til catering. 12,6 MNOK delt på tal brukarar på catering per år gir ein kostpris på 97,7 kroner Eg hadde eit inntrykk av at samen maten vart levert til alle brukarane av Bordgleder, både til catering og Kinn sine brukarar. Sjølvsagt er det visse kostnadar som kan forklare litt av avviket, men rundt 74 kroner i differanse per brukar per dag på akkurat same produkt? Produksjonen til Kinn er altså oppført med 46 prosent av kostnaden på berre 32 prosent av produksjonen. Kvifor?



Til og med i rapporten frå PWC står det at talmaterialet er vanskeleg og uoversiktleg. Ifølge PWC så er det "usikkerheit knytt til mottatt talgrunnlag og om ein samanliknar på rett grunnlag. Det er anbefalt å gjennomgå kostnadskalkylane for hhv.. Måløy og Florø og identifisere kva korrekt varekost er."

No reknar eg med at ein oppegåande administrasjon allereie har sjekka tala og kan forklare til politikarane og ålmenta kva innsparinga eigentleg består i. Eg legg også til grunn at det allereie finst mykje informasjon hos administrasjonen som kan oppklare min og andre sin usikkerheit med omsyn til rapporten. Rapporten frå PWC er ikkje ein fasit, men bør vurderast opp imot annan relevant informasjon og politikarane sine eigne vurderingar.

Spørsmålet frå administrasjonen i Kinn til PWC var om det er lønsamt å legge ned kjøkkenet i Måløy?

Spørsmålet burde ha vore: Korleis skal man totalt sett drive matproduksjon i Kinn for at alle brukarane skal ha best mogleg mat til lågast mogleg kostnad? Det einaste underteikna klarar å lese ut av rapporten frå PWC er at innsparinga bør skje i Florø og ikkje i Måløy.