«Vi må i større grad vektlegge dei mjuke verdiane i samfunnet»

Dette lesarinnlegget er skrive Johan Vadøy  Foto: Kjell Askeland

Meninger

Dette lesarinnlegget er skrive av Johan Vadøy, tidlegare kommunestyrerepresentant for KrF i Bremanger kommune.

Så er Stortingsvalet over og dei store lovnadane har roa seg ned. No ventar vi berre på at mange ting skal bli betre enn med Solberg- regjeringa.

KrF var ikkje einig i alt regjeringa Solberg gjorde, men dei fekk gjennom ein god del, som auka barnetrygd, at ungdom som var ute på kvelden skulle få gratis heimreise, og at bistanden skulle vere på dagens nivå.

KrF er opptatt av sosial rettferd, ein meir liberal asyl- og flyktnigepolitikk, og ynskjer generelt tøffare klimatiltak. Vi er eit parti for dei fattige og mest utsette i samfunnet.

Det er viktig å halde kontantstøtta på dagens nivå. Kontantstøtte og barnetrygd hjelper til med å få statistikken på fattige ned.

KrF går også inn for å støtte abortloven som den er forma ut i dag, og meiner det er viktig med skattefordelar for å støtte det frivillige arbeidet.

KrF består ikkje av mørkemenn. Vi er opptekne av viktige livsverdiar i eit stadig meir digitalt samfunn der krava til effektivitet kjem framfor det meste.

Vi i KrF meiner at ein i større grad må vektlegge dei mjuke verdiane i samfunnet.

Signala frå den nye regjeringa går i mange saker i motsett retning. Det skal bli spanande å sjå kor verdisakene til KrF vil komme ut med den nye regjeringa til rors.