«Ambulansebåt er ikkje svaret. Det er døgnbemanna sjukebil stasjonert i Ytre Bremanger som er svaret»

Dette lesarinnlegget er skrive av Kjell Aga Ulvestad, Kalvåg.  Foto: privat

Meninger

Dette lesarinnlegget er skrive av Kjell Aga Ulvestad, Kalvåg.

Ambulansebåt er ikkje svaret

Det er ikkje berre regnet som får folk til å flytte frå Bremanger. Det er mange grunnar, og uvisse om innbyggarane får gode og forsvarleg helsetenester er ei av dei. Difor må også Helse Førde ta sin del av skulda for den negative utviklinga i distrikta.

Same dag som det vart kjent at helsedirektør Arve Varden framleis går inn for å skrote døgnbemanna ambulanse i ytre Bremanger, kom også tala som viser at det flyttar stadig fleire frå kommunen. Sjølvsagt heilt tilfeldig, men det er likevel ein samanheng her. Uvissa om helsetilbodet har sin pris.

Den same dagen meldte også Norled at ekspressbåten til Bergen ikkje kunne gå innom Smørhamn på grunn av dårleg vær på Frøysjøen. Det er den same sjøen som arbeidsutvalet som Varden lener seg på meiner at ein ambulansebåt fint kan reise frå Florø for å hente pasientar i ytre Bremanger og frakte dei tilbake til Florø. Sjølv om det blir ein tur som langt overstig responstida som ambulanseutrykking i Norge skal etterleve.

At det i tillegg blir ein svært ubehageleg transport for pasientane store deler av året viser berre det meiningslause i opplegget. Det er uforståeleg at det sit legar i arbeidsutvalet som kan legge fram eit slikt forslag!

Uvissa som Helse Førde skaper med å legge ned døgnbemanna ambulansebil i Ytre Bremanger og heller satse på ambulansebåt, og uvissa om kor lenge det vil vere legekontor og helsestasjon på Hauge, gjer nok at mange etter kvart spør seg om det er verdt å bu her ute. Eller om det er verdt å flytte hit.

Dersom ambulansebilen forsvinn, og legekontoret blir lagt ned, kva har vi igjen då? Politikarane snakkar varmt om, og legg planar for, å få folk til å flytte til kommunen. Men blir det lagt planar for å få folk til å bli buande her?

Då direktør Arve Varden gjekk i tenkeboksen etter folkemøtet i Ytre Bremanger, minte han oss på at i det omtala arbeidsutvalet, som altså meiner ambulansebåt, med alt for lang responstid, var ein god idé, sat det «svært mange erfarne og høgkompetente fagfolk». Ein unødvendig peikefinger, det var vel ingen som stilte spørsmål ved det.

Men då vil eg minne direktør Varden, og styret i Helse Førde om at i Ytre Bremanger er vi alle erfarne og høgkompetente fagfolk på å bu i ein kystkommune, totalt avhengige av eit godt og forsvarleg helsetilbod, året rundt, i all slags vêr. Vi veit kva som må til for å tene innbyggarane på best mogleg måte. Ambulansebåt frå Florø er ikkje svaret. Det er døgnbemanna sjukebil stasjonert i Ytre Bremanger som er svaret.

Det bur ca. 1800 personar her ute, halvparten av innbyggarane i Bremanger kommune. Men forslaget om ambulansebåt er ei nedvurdering og nedprioritering av folka her ute. Vi blir ikkje verdsett til å få det same helsetilbodet som resten av landet. Det er vanskeleg å godta

Protestane og forslaga frå folka i Ytre Bremanger blir ikkje lytta til og langt mindre teke omsyn til. Dei har vore avhengige av ambulansebåt tidlegare, og vil ikkje tilbake dit, om båten er aldri så ny og gjæv.

Då Ytre Bremanger fekk fastlandssamband, vart ambulansebåten lagt ned og erstatta med sjukebil Med det vedgjekk vel Helse Førde at båt var eit for dårleg tilbod. Ytre Bremanger fekk døgnbemanna sjukebil stasjonert her, med kort responstid. Det er den sjukebilen vi vil ha. Ikkje båt frå Florø.

Planen til Helse Førde var at nye ambulansebåten skulle gjere teneste i Florø-området. Men båten blir dyr og kostnadskrevjande, og det er vel for å forsvare investeringa at arbeidsutvalet og direktør Varden vil at den skal utvide arbeidsområdet sitt til også å gjelde Ytre Bremanger. For å løyse eit problem dei sjølve har sett seg i, veltar dei problemet over på Ytre Bremanger.

Uttaler frå direktør Varden viser at han er i tvil om ambulansebåt er eit forslag som let seg gjennomføre, dersom kravet er rask og forsvarleg helseteneste. Difor har han søkt hjelp i ein vêrrapport som ifølgje Gulenskyss viser at ambulansebåten kan få utfordringar med å gå over Frøysjøen sju timar årleg. Sju timar! Skal ein le eller gråte? Dei sju timane vart brukt opp sist fredag då ekspressbåten ikkje kunne gå inn til Smørhamn. Kva med resten av året? Og kva med pasientane? I dårleg vêr er dei rista helselause før båten er midtfjords.

Og tvilen til Varden viser seg også når han vil at det skal planleggast for at det nokre dagar i året kan bli aktuelt å tilpasse ambulansetenesta i Ytre Bremanger ved spesielle vêrtilhøve. Ja, men då er det vel like greitt at den døgnbemanna sjukebilen ikkje blir skrota, men blir her heile året. For det er tett mellom dei spesielle vêrtilhøva på kysten.

Styret i Helse Førde skal møtest 25. november. Eg håper styret legg til sides forslaget til ei ambulanseteneste som vil føre til ei responstid langt ut over det som kan godtakast.

Ambulansebåt frå Florø over Frøysjøen er uforsvarleg helseteneste.