«Å påverke åtferd og haldningar over tid er viktig for å redusere talet drepne og hardt skadde i trafikken»

børnung børn spor i vegen veien spinning fart ungdomsbil fart råkøyring trafikk  Foto: Erling Wåge

Meninger

Dette lesarinnlegget er skrive av Jannicke Bergesen Clarke, leiar Trafikktryggingsutvalet i Vestland fylkeskommune og Knut Olav Røssland Nestås, regionleiar Trygg Trafikk Vestland

Saman for betre trafikktryggleik

Vestland har over tid vorte eit meir trafikksikkert fylke – heldigvis. Bilane har meir avansert teknologi, vegane har vorte sikrare og trafikantane klokare. I så måte har vi mykje å takke mange for, mellom anna Statens vegvesen og kommunane som samarbeidspartnarar. Trafikantane sjølve har òg mykje av æra, sidan fartsnivået har gått ned og fleire bruker sikringsutstyr. Her skal synleg politi og dedikerte trafikklærarar også nemnast som viktige bidragsytarar. Men: Det er framleis ein stor jobb som må gjerast både i Sogn, Sunnfjord, Nordfjord og i resten av fylket. I arbeidet vidare er det ingen som vil få til noko åleine, berre i fellesskap kan vi oppnå vidare nedgang i talet drepne og hardt skadde i trafikken.


Rekordlåge tal på omkomne i trafikken i 2020

I Norge mista 95 personar livet i trafikken i 2020. Nasjonalt er det ein nedgang på 13 menneske og 4 færre i Vestland. – Det er vanskeleg å snakke om positiv utvikling når så mange framleis blir ramma, kommenterer regionleiar i Trygg Trafikk Vestland, Knut Olav Røssland Nestås.


Systematisk arbeid over tid og gradvis betre trafikantåtferd har ført til ein reduksjon i talet alvorlege trafikkulykker. I Noreg under eitt har det vore ein nedgang frå 1606 drepne og hardt skadde i år 2000 til 720 i 2020. 2020 vart òg første året sidan 1947 med færre enn hundre trafikkdrepne i Noreg, med 93 i talet. I Vestland var talet 7 omkomne, som er første gong med færre enn 10 drepne sidan i alle fall 1960. Framleis er det likevel altfor mange som får livet sitt øydelagd i trafikken, og ei kvar alvorleg ulykke utgjer ei for mykje.


Refleksbruken aukar i Vestland

Trygg Trafikk sine årlege refleksteljingar viser at både nordmenn og vestlendingar flest har vorte flinkare til å bruka refleks. Likevel bruker framleis under halvparten av oss refleks i mørket. Dårlegast er det i byar som Oslo og Bergen.


Det er utvilsamt eit stort etterslep på fylkesvegane i tidlegare Sogn og Fjordane, som det vil ta tid og krevje store summar å gjere noko med. Likevel er det mykje vi kan gjere som ikkje er knytt til infrastruktur eller nødvendigvis kostar store summar, men som likevel er viktig. Her kan mellom anna nemnast dei mange flotte aktivitetane som vert gjort i store og små kommunar i fylket. Kvart år vert det gjennomført mykje frivillig innsats frå lag og foreiningar. Kvart år er det òg mange foreldregrupper, oppvekstinstitusjonar og andre som går saman og gjennomfører ulike trafikk-, sykkel- og refleksdagar for barn både i barnehagar, skuletida eller på fritida.



Dette breie engasjementet er heilt nødvendig om vi skal halde fram med å påverke åtferd og haldningar over tid, som igjen er viktig for å redusere talet drepne og hardt skadde i trafikken. Derfor har Vestland fylkeskommune òg tilskotsordningar som det er råd å søke på for både kommunar, foreiningar, lag, foreldreutval og andre. Midlane kan brukast til gjennomføring av ulike lokale trafikksikringsaktivitetar, aksjonar, arrangement og kampanjar. Neste frist er 1. desember i år, og vi vonar mange vil søke for å bidra til eit endå meir trafikksikkert Vestland. Ingen kan gjere alt, men mange kan gjere litt. Slik reddar vi liv saman.