«Det er behov for ein heilskapleg gjennomgang av korleis barnehagane blir finansierte»

Illustrasjonsfoto.  Foto: LÆRINGSVERKSTEDET EID BAREHAGE

Meninger

Dette lesarinnlegget er skrive av Ingunn Kandal, leiar for Raudt Sogn og Fjordane.

Ein milliard mindre?

Mange foreldre har nyleg fått brev om at barnehagen 24. november ville stenge 3 timar før ordinær stengetid. PBL (Private barnehagers landsforbund) ville med dette markere motstand mot dei føreslegne endringane i pensjonstilskotet til private barnehagar. PBL er ein mektig lobbyorganisasjon for dei store barnehagekjedene som t.d. Espira, FUS og Norlandia.

Det dei ikkje seier noko om, ifølgje ein rapport frå Telemarksforsking, er at dei private barnehagane i 2017 brukte 1 milliard mindre til dei tilsette sin pensjon enn det dei fekk i tilskot.

Det som heller ikkje kjem tydeleg fram, er at mange av dei private barnehagane overfører store pengebeløp til eigarane i konsernbidrag. Foreldra i Holmenveien Espira fekk beskjed om at barnehagen ville få eit kutt på 800 000 grunna endringane i pensjonstilskotet, men Espira seier ingenting om at barnehagen betalte 4,6 millionar i konsernbidrag i 2020.

Det er i tillegg viktig å få fram at barnehagar som har betre pensjonsordningar enn det tilskotet dekker, vil få tilbake mellomlegget ved ei søknadsordning.

Raudt meiner at det er behov for ein heilskapleg gjennomgang av korleis barnehagane blir finansierte. Mange mindre, enkeltståande barnehagar kan bli taparane når pensjonstilskotet blir endra. Dette har det sokalla Storberget-utvalet også påpeika i rapporten som dei la fram i juni. Derfor er små barnehagar skjerma frå tilpassinga til pensjonstilskotet dei neste to åra.

Raudt sin nyvalde stortingsrepresentant, Hege Bae Nyholt, er leiar i utdanningskomiteen på Stortinget. Ho seier at Raudt vil følgje opp denne saka.


Private barnehagar stenger i protest mot regjeringa sine kuttforslag

Dei private barnehagane som er medlemmar i Private Barnehagers Landsforbund (PBL) er oppmoda om å stenge tidlegare på dag enn vanleg onsdag. Dette er ei markering mot regjeringa sine forslag om kutt i tilskot, noko dei meiner vil ramme kvaliteten i private barnehagar over heile landet.