«Vi kan ikkje godta dette skambodet frå styret i Helse Førde»

Dette lesarinnlegget er skrive av Tore Røys Nesbakk, ytre Bremanger.   Foto: Fjordenes Tidende

Meninger

Dette lesarinnlegget er skrive av Tore Røys Nesbakk, ytre Bremanger.

Då var nedlegginga av ambulansen i ytre Bremanger eit faktum. Er eg overraska? Overhovudet ikkje dessverre.


Tror ambulansetilbudet blir sterkt svekket etter vedtaket om å legge om til ambulansebåt

Styremedlem i Helse Førde, Reidar Sandal, levnet i sine innlegg i dagens styremøte liten tvil om at han mener ambulansetilbudet i ytre Bremanger blir svekket etter ambulansevedtaket.


Etter at eg såg samansetninga av styret i Helse Førde i Firdaposten, og etter at eg lengre tilbake såg samansetninga av arbeidsgruppa som skulle jobbe med prehospital plan for Ytre Bremanger, så har vi hatt små sjansar på vår side i det store biletet om ein er litt kynisk og ser på geografisk tilhøyrigheit.

Eg beit meg merke i at av fire representantar i det såkalla "profesjonelle og høgkompetente" panelet på folkemøtet i Bremangerhallen, var der to sogningar, som kom med fleire eksempel og snakka mykje om Sogn og omegn, og når ein også ser samansetninga av styret i Helse Førde så blir ein og fort skeptisk når ein tenkjer på kven som faktisk har sett seg inn i utfordringane ift vêrtilhøve og liknande i ytre Bremanger og kysten generelt.


Berre to av elleve stemte mot Helse Førde sitt forslag til ambulanseendringar

Styret i Helse Førde vedtok i dag, torsdag, sin nye prehospitale plan, som blant annet betyr at det blir innført ny ambulanseordning for ytre Bremanger


Korleis Bremanger kommune no skal kunne rekruttere bornefamiliar og legar til å flytte til kommunen, og då spesielt ytre del, det blir for meg vanskeleg å sjå. Det blir no ytterlegare press på legane våre i ytre Bremanger, tredobbel responstid, og totalt sett ein mykje usikrare kvardag for innbyggarane. Etter mange kampar om helsetilbod, ambulanse, jordmorteneste mm, har vi no byrja å bli mektig leie, og motivasjonen for å rekruttere folk til å flytte heim er forsvinnande liten.



Etter at eg sjølv flytta heim, røysta eg Senterpartiet eine og aleine kun fordi eg ville bidra til å oppretthalde "tenester der folk bur". Med eit sterkt Ap og eit sterkt Sp i regjering, forventar eg at denne saka blir tatt opp på høgare nivå og gjort noko med.

Vi kan ikkje godta dette skambodet frå styret i Helse Førde.


Sit i Helse Førde-styret: Vil vere trygg på at han er kjend med alle detaljar før konklusjon

Den endelege skjebnen til ambulanseordninga i ytre Bremanger blir avgjort i Helse Førde sitt styremøte torsdag.