«Eg oppmodar det politiske miljøet i Kinn til å våge å ta denne omkampen»

Dette lesarinnlegget er skrive av Øystein Sortland, Kvalheim.  Foto: Svanhild Breidalen

Meninger

Dette lesarinnlegget er skrive av Øystein Sortland, Kvalheim.

Om kamp og omkamp

Diskusjonen rundt kommunesamanslåinga har vore prega av harde frontar. Altfor harde etter mi meining. I ei slik sak der kjenslene er mange og sterke er det desto viktigare å skilje mellom sak og person. For både Kinn-tilhengjarar og motstandarar, meg sjølv inkludert, har engasjementet blitt ei dyrekjøpt erfaring. Både engasjement for og mot Kinn må respekterast.

Ordskiftet den seinaste tida bekymrar meg. Ikkje fordi frontane nødvendigvis er steilare enn tidlegare men fordi dei talrike og sterke røystene for samanslåing og Kinn har stilna. Berre nokre få er framleis tydelege. All ære til desse.



Men stilla er ei demokratisk utfordring på ulike sett og iallefall når ønskjet om reversering ser ut til å stå sterkt, særleg i gamle Vågsøy.

Har røystene stilna fordi ein ikkje orkar stå i diskusjonane lenger? Har dei stilna fordi taktikken er å sitje stille i båten? Eller har dei stilna fordi trua på Kinn kommune ikkje lenger er like sterk?


Vil samle underskrifter for å få spørsmålet om folkeavstemming om Kinn opp for kommunestyret

Magnar Aasebø, Gunnar Nore og Turid Strand frå Måløy har starta ein underskriftskampanje for å finne ut av om folket i Kinn kommune ønsker at kommunestyret skal ta opp ei mogleg folkeavstemming som sak i møtet i februar. 


Diskusjonane fram mot etableringa av Kinn kommune var prega av tru og håp. Når ein no les gamle avisinnlegg må ein kunne seie at mange av forventningane ja-leiren hadde ikkje er innfridde.

Tilhengjarane av Kinn kommune har etter vedtaket om samanslåing hatt fire år og rikeleg med høve til å finne fram til dei «smarte løysingane». Førebels er dette lite konkretisert. Eg ser ikkje heilt korleis ein kan gi pandemien skulda for dette.

Regjeringsskiftet har gitt politikarane i Kinn eit høve til ei «sjøforklaring» som nokon treffande har formulert det. Eit fellestrekk for mange store politikarar har vore evna til å revurdere tidlegare standpunkt i lys av endra faktagrunnlag og folkvilje. Sameleis har kanskje fleire av politikarane som i si tid bidrog til danninga av Kinn kommune endra oppfatning. Eg oppmodar desse til no å heve røysta.

Prosessen fram mot etableringa av Kinn var prega av mykje synsing og uklår informasjon. Det er menneskeleg å tru, tvile og endre standpunkt. Eg trur den jamne innbyggjar ikkje vil sjå på dette som teikn på svakheit men snarare som eit klårt signal om styrkje, evne til refleksjon og framtidstru.

Eg sit att med ei klår oppfatning av at engasjement for reversering ikkje handlar om at Kinn har blitt eit hat-objekt, noko ein elskar å hate. Med derimot at dette handlar om ein demokratisk brist ved at ei kommunesamanslåing har blitt gjennomført av politikarane, vel vitande om dei gjennom vedtaka sine trassar folkeviljen. Folk kjenner seg overkøyrde, undervurderte og sit att med kjensla av at korkje dei eller meiningane deira har blitt respektert.

«Gjort er gjort», vil somme seie og det er for så vidt sant. Men mykje kan rettast opp ved at innbyggjarane både i nord og sør gjennom ei folkerøysting kan få seie om ein vil halde fast på Kinn konmmune eller ikkje. «Kunnskap er makt», heiter det. Kvifor skal ein motsetje seg å innhente kunnskap om folkeviljen gjennom å halde ei folkerøysting?

Vegen vidare for dei eventuelt nyskilde Vågsøy og Flora vil ikkje nødvendigvis vere nokon dans på roser. Det vil det heller ikkje vere for Kinn om eit fleirtal i begge dei gamle kommunane ønskjer å fortsetje ekteskapet. Men det er avgjerande å vite om ein har folket med på laget i dette spørsmålet dersom ein verkeleg ønskjer ro rundt arbeidet med å forme framtida for kystane våre.

«Den som intet våger, intet vinner», seier eit anna ordtak. Eg oppmodar det politiske miljøet i Kinn til å våge å ta denne omkampen.