«Vent no litt med sjøforklaringa for Kinn, i alle fall til vi har litt fakta på bordet»

Ein stor dag: Ordførar i Kinn, Ola Teigen, opna bygget med ei tale.  Foto: Seline Larsen

Meninger

Dette innlegget er skrive av Kinn-ordførar Ola Teigen.

Er vi så annleis som media skal ha det til?

Lokalavisa Firdaposten har som ei lokalavis skal, skrive om den økonomiske stoda i kommunen den siste tida. Den er alvorleg og dette skal også innbyggarane få vite. Men kvifor skjer dette, det har dessverre ikkje avisa brukt noko tid på å fortelje innbyggarane. I staden blir vi invitert til å stemme over om kor vidt kommunen bør løysast opp eller ikkje. Slikt skapar sikkert mange «klikk», men blir vi klokare av slik journalistikk? Eg meiner nei og skal her prøve å sette kommunen sin økonomiske situasjon i perspektiv og samanlikne med oss med andre.

I oktober leverer kommunedirektøren økonomirapport for 2. tertial. Den seier noko om kommunen si drift dei første åtte månadane. Vi brukar 35 millionar meir enn vi budsjetterte med. Det er alvorleg. Firdaposten beskriv kort hovudutfordringane. I Sunnfjord legg kommunedirektør fram sin økonomirapport som viser at dei brukar 38 millionar meir enn budsjett. Firda gjer intervju med Østenstad som kan fortelje kvifor det er blitt slik. Han er inne på endringsprosessane i samanslåingskommunar går tregare enn rekna med og legg deler av skulda på Stortinget. Kollegaer i Stad, Gloppen, Kinn, Askøy og Sogndal, rapporterer om det same. I tillegg peikar han på at oppgåvene til kommunane blir fleire utan at det følger pengar med. I Gloppen har dei rekna ut at budsjettet for 2022 har den same nominelle inntekta som ein hadde i 2018. i praksis betyr dette i effektivisering på 40 millionar. I Bremanger sin økonomirapport viser ein til eit meirforbruk på over 6 millionar. Justert for innbyggartal er Bremanger tett oppunder både Kinn og Sunnfjord, utan at dette har utløyst reverseringskrav frå Firdaposten. I Stad kommune skulle ein ta ned drifta med 30 årsverk, men enda med 41 i pluss. For neste år ber kommunedirektøren i Stad om at ein må auke eigedomsskatt og sjå på skulestruktur.

Kommunedirektøren sitt budsjett er noko av det mest krevjande Heggheim har lagt fram. I Kommunal rapport denne veka meiner eit stort fleirtal av landets kommunedirektørar at haustens budsjettarbeid er krevjande, 1 av 4 meiner det er svært krevjande. Berre to prosent syns det har vore lite krevjande. Finansdirektøren i Bergen peiker på «når det gjeld demografi er det krevjande å gjennomføre nødvendige omdisponeringar frå barnehage og skole til eldreomsorg». Ein av tre kommunar finansierer neste års drift ved bruk av fond. Berre 27 prosent vil klare eigne finansielle måltal.

Eg er heilt einig med kommunedirektøren, budsjettet krev kraftigare tiltak enn vi er vande med. 35 årsverk må vekk. – No svingar øksa, skriv Firdaposten. Lite triggar sosiale medium meir enn dette. For å toppe det heile inviterer Firdaposten vil å stemme over om kommunen skal løysast opp. Kvifor innsparinga skal skje skriv ein ingenting om. Hadde eg ikkje hatt inngåande kunnskap om kommunen ville det vore lett for meg å tenke at Kinn er rota til elendig kommuneøkonomi og løysinga er å gå tilbake til dei gamle.

Les ein budsjettomtalen til kommunedirektøren får ein innsikt i den økonomiske utviklinga av kommunen. Til liks med Bergen, heile landet og Europa, slit også Kinn med å tilpasse seg dei demografiske endringane. I år har folketalet gått opp, men mindre enn landssnittet, noko som betyr at vi får mindre del av overføringane. Men mest synleg er at trass i folkeauke blir vi 81 færre i aldersgruppa 0–22. Auken skjer blant dei frå 67–79. Dette betyr at vi har færre vi skal produsere tenester til og vi får mindre pengar frå staten. I lys av dette er det kanskje ikkje så dramatisk at vi må tilpasse bemanninga etter behovet og løyvingane frå staten.

Redaktøren i Firdaposten tek til orde for at Kinn kommune snart må ha sjøforklaring. Poenget hans er litt utydeleg, men han er nok tydeleg skuffa over at vi snart har kome 2 år ut i kommunen si levetid og enno er den ikkje heilt på plass. Det har ikkje mangla på åtvaringar om for høg optimisme og høgt låneopptak, seier han. Rådhus, fotballhall og Nordfjordbad burde vi tydelegvis ikkje snakka om. Her gjeld lovpålagde oppgåver. Ser ein seg rundt så vil ein nok raskt registrere at ingen av desse bygga er reist. Det kan altså ikkje vere desse byggeprosjekta som sender oss i Robek eller til ei sjøforklaring.

Vi har ei ambisiøs intensjonsavtale i Kinn kommune og etter snart 2 år så er vi ikkje i hamn med alt, men å påstå at vi er knappe 50 meter frå kaia vitnar vel mest om ei lokalavis som er meir oppteken av klikk enn å dekke lokalsamfunnet på ein god måte. Kinn får nasjonal merknad for tenestene sine på fleire område. Vi husar interkommunale samarbeid som innkjøp, krisesenter, folkehelse, smittevern og snart kanskje legevakt for Bremanger. 1600 tilsette har gjort ein formidabel jobb med omstilling, organisasjonsutvikling, digitalisering, effektivisering samtidig som dei kvar dag leverer tenester til dei som treng oss mest.

Men ein ting vi ikkje er gode nok på så er det å ta ned kostnadane på drifta vår. Den er ikkje berekraftig. Får vi ikkje betre kontroll på den så klarar vi ikkje frigjere investeringsmidlar. Difor er det heilt rett å arbeide vidare med sparetiltaka. I både Sunnfjord og Stad må ein spare neste år, nett som i Kinn. Vi er i grunn nokså like, med eitt unntak: Kinn har ikkje fleire reservar å tære på, vi må lukkast i 2022.

Kinn kommune er produktet av Vågsøy og Flora. Vi fekk eit innsparingskrav på vel 40 millionar frå Vågsøy og 20 frå Flora. Etter dette har vi mista Bryggja og Sør-Norgetilskotet på vel 6 millionar. Dette er hovudgrunnen til at vi no kuttar i drift, noko som også var planen til dei gamle kommunane. Det tek tid å justere eit meirforbruk i denne storleiken, men vi er på god veg. Kinn har eksistert i 23 månadar med koronapandemi i 21 av dei, vent no litt med sjøforklaringa, i alle fall til vi har litt fakta på bordet.