«Dessverre føler vi at politikarane pushar ungdomen til å bli lærlingar»

Bøker studie  Foto: Privat

Meninger

Dette lesarinnlegget er skrive av Siri Solibakke og Hanna Rønhovde som går Barne-og ungdomsarbeidsfag ved Måløy vidaregåande skule

Politikarane i Vestland fylkeskommune gjer det motsette av det som er ønskt

Korleis har det seg at vi elevar, som vil gå vidare i studie, blir nedprioritert? Tidlegare vart det ønska frå oss eit allmenn påbygging-tilbod til heimplassen vår som er Måløy. Den nærmaste allmenn påbygginglinja er på Eid vidaregåande skule der det blei oppretta ein ekstra påbyggingklasse sommaren 2021. Her vart det også ønska ein klasse ved Måløy vidaregåande, utan hell.

Av 15 elevar ved BUA i Måløy er 5 elevar frå Stad kommune og 10 elevar frå nordre del av Kinn kommune. I Kinn kommune har dei ikkje tatt inn lærlingar i nordre del i år. Etter opplysning frå Nordfjord opplæringskontor håpar dei å få på plass ein læreplass til neste år. Ellers har vi ein privat barnehage som er lærebedrift og som har ein lærling. Dette viser at det er alt for få læreplassar. Stad kommune har 4-5 læreplassar og tar inn 2-3 lærlingar kvart år. Dette viser tydleg at barne- og ungdomsarbeiderfaget verken er attraktivt eller eit prioritert yrkesval. Og behovet for alternative vegval og molegheit for studiekompetanse er svært viktig å få på plass slik at ungdommen får molegheitene i sitt nærområde.

Politikarane i Vestland Opplæringskontor presterer å ta ned den andre klassa til neste år, noko som gjer at det blir endå vanskelegare for oss som fortsatt vil kunne ha moglegheit til å bu heime, med berre ein klasse ved Eid vidaregåande. Vi elevar kjenner på ein frustrasjon av å ikkje bli sett eller prioritert på same måte som yrkesfaglinjene. Men også på ein redsel. Redde for at dette blir eit endå tyngre år, redde for at vi må flytte endå lenger vekk frå heimplassen fordi studietilbodet på nærmaste plass blei redusert.

Korleis kjem dette til å gå? Kjem eg til å savne heimplassen? Vennane mine? Må eg slutte i jobben min? Kan eg fortsette med idretten? Korleis skal eg ha råd dersom eg må flytte? Dette er tankar som konstant går igjen. Vi er redde for korleis dette kjem til å gå.

Karianne Torvanger, leiar i hovudutval for opplæring og kompetanse hos Vestland fylkeskommune og Katrine Johannessen som er medlem, var tidligare ute med eit lesarinnlegg der det sto «Etter to år med pandemi er ungdom si psykiske helse viktigare en nokon gong». Her skriv dei at det er viktig å stille opp for dei mest sårbare ungdommane, og at fylkeskommunen må ta eit særskilt ansvar for ungdommane som er i vidaregåande opplæring.

Vi er unge og redde, mange val skal takast framover. Men ein ting er vi skråsikre på. Mange tenåringar treng denne tryggheita. Tryggheita av å kunne bu på heimplassen, studere og vere saman med sine nærmaste, og vi trur at dette er noko som bidrar sterkt til den psykiske helsa.

Då vi var elevar på ungdomskulen fekk vi grundig gjennomgang av kva vi kunne velje vidare etter 10. klasse. Mange gongar fikk vi høyre at vi alltid hadde ei moglegheit til å oppnå studiekompetanse etter yrkesfagleg linje etter 2 år. Dette er noko fylket har reklamert for i alle år. Vi fekk vite at vi kunne velje yrkesfag og likevel få studiekompetanse etterpå, men no tar de politikarar vekk denne vegen for oss som har lyst til å gå denne vegen.

Dessverre føler vi at politikarane pushar ungdomen til å bli lærlingar. Ved å ta ned enda ein allmenn påbyggingklasse og inn med fleire yrkesfaglege linjer i fylket, føler vi at dei som har lyst på studiekompetanse etter vg2 blir kraftig nedprioritert. Dette er noko vi synes er svært skuffande. Allereie no kjenner vi på ein stor redsel for å måtte flytte enda lenger vekk frå heimplassen vår til sommaren igjen.

Så atter ein gong, høyr på ungdommen.