«Det er freistande å spørje kva som er lavt prioritert hos Ap, H og V viss dei reknar Skram skole som høgt prioritert»

Dette lesarinnlegget er skrive av Daniel Henriksson, Raudt.   Foto: Gjert Myrestrand

Meninger

Dette lesarinnlegget er skrive av Daniel Henriksson, Raudt.

Nei, Anders Ole Sunnarvik, det er Raudt som har rett om kutt i stillingar!

I Fjordenes Tidende gjentar Sunnarvik at det samla talet i deira budsjett er 47 årsverk. Eg prøvde å vise i budsjettdebatten at det var ytterlegeae 12 årsverk kutt i en annan post i budsjettet. No har vi i Raudt dobbelsjekka dette med administrasjonen og fasiten er klar: Det er vårt tall som er rett.

Det samla kuttet er 59 årsverk i det vedtatte budsjettet frå Ap, H og V, som også Frp og KrF stemte for. Vi har forståing for at det kan vere gjort ein glipp frå fleirtalskoalisjonen her. Og feil kan rettast opp. Viss man vil unngå å ta vekk disse ekstra 12 årsverka må Ap, H og V i så fall finne ein annan måte å skaffe dei 9 mill. som trengst for å unngå det. Men la det ikkje herske meir tvil om at det som er vedtatt no, er akkurat slik Raudt påpeika både i debatten og i vår kommentar etterpå. Med det reknar vi med at siste ord er sagt om akkurat det temaet.

Så seier også Sunnarvik at dei prioriterer Skram skole høgt. Ved å skyve Skram heilt ut av den 4-årige økonomiplanen? Går det an å prioritere lågare enn null?

Det er freistande å spørje kva som er lavt prioritert hos Ap, H og V viss dei reknar Skram skole som høgt prioritert i budsjettet.