«Næringsvennleg politikk, kva er det?»

40 prosent: Fellesnemnda for Eid og Selje meiner det er naudsynt å stille krav om 40 prosent kjønnsrepresentasjon i styret til Stad Vekst. Judith Kvåle (Tvp) tok opp saka i sist møte. Her med Siri Sandvik (Ap), til venstre. Foto: Janne Weltzien Listhaug  Foto: Janne Weltzien Listhaug

Meninger

Dette lesarinnlegget er skrive av Siri Sandvik og Judith Kvåle, Stad Arbeiderparti.

Denne veka var det kommunestyremøte, det siste og på mange måtar viktigaste for året. Vi behandla budsjett og økonomiplan, som legg føringar for alt arbeid kommunen skal drive med det komande året både når det gjeld samfunnsutvikling og når det gjeld alle typer tenester. I år som tidlegare år handla store deler av debatten om eigedomsskatt.


– Vi kan ikkje frede næringslivet i spørsmålet om eigedomsskatt

For Arbeidarpartiet var det lite som gjekk deira veg under behandlinga av budsjettet under årets siste kommunestyremøte torsdag. Dei nye «samarbeidskameratane» som ordførar Gunnar Silden (V) omtala dei som, slapp dei ikkje til på nokon punkt.


Fleire parti hevda at fordi dei er så næringsvennlege vil dei ikkje pålegge eigedomsskatt for næringslivet. Det er for så vidt eit greit argument, men å vere næringsvennleg handlar om så mykje meir enn berre å unngå eigedomsskatt.

I Stad kommune har vi eitt samfunnsmål: Stad er eit livskraftig og trygt samfunn der vi alle dreg i lag.



Vi i Arbeidarpartiet er fullt klare over kor viktig næringslivet er for kommunen, og kor viktige arbeidsplassar næringslivet bidreg med. Og vi vil sjølvsagt legge til rette for næringslivet også framover.

I Stad kommune sin næringsstrategi, som er utarbeida i samarbeid med sentrale næringsaktørar, står det at nærlingslivet ønsker at kommunen skal ha ei brei tilnærming til næringsutvikling, med fokus på tilbod og tenester som aukar bu, besøks- og næringsattraktiviteten. Konkrete tenester som er nemnd er skule, barnehage, eldreomsorg, kulturtilbod, og tilgang til næringsareal og -bygg.


Ny koalisjon vedtok kontroversielt budsjettforslag

Ein time på overtid var kommunestyret i Stad til slutt einige om budsjettet for 2022 og handlingsplanen for 2022–2025. Eitt av punkta det vart stemt over førte til delvis amper stemning under debatten, nemleg ønsket om å greie ut ein reduksjon av formuesskatten etter modell av Bø i Vesterålen.


Det har lenge vore kjent at tilgang på nye, store næringsareal i nærleiken av Nordfjordeid er ei mangelvare. Etter at utbygginga på Stokkenes og Myklebust vart fullført, manglar vi no nye areal i dette området. Dette har vore problematisert av fleire, seinast av Ivar Moen på eit frukostmøte på Nordfjord Hotell i november. Allereie våren 2018 sende styret i Eid Industrihus KF (no Stad Eigedomsutvikling KF), brev til ordføraren om at det hasta å få i gang arbeidet med nytt næringsareal knytt til Nordfjordeid. Stad Eigedomsutvikling KF har gjenteke dette fleire gonger i sine orienteringar til tidlegare fellesnemda og ikkje minst til kommunestyret.


Borgarleg budsjettforlik: No vurderer dei å redusere formuesskatten frå 2023

Stad Frp stiller spørsmålet om redusert formuesskatt frå 2023 i ei pressemelding sendt ut torsdag kveld. Budsjettmøtet i Stad blei løyst gjennom eit borgarleg budsjettforlik.


Difor var det overraskande at korkje Venstre eller Høgre, som begge omtalar seg som næringsvenlege parti, ikkje støtta Arbeidarpartiet sitt framlegg i kommunestyret om å starte planlegging av eit nytt stort næringsareal i nærleiken av Nordfjordeid. Vi meiner dei framstår lite truverdige når dei tilsynelatande stemmer i mot eigne overbevisningar som her.

Det pågår eit stort arbeid med tilrettelegging av næringsareal i ytre del av kommunen, særleg i samband med Stad skipstunnell. No er det på tide at vi også flyttar fokuset vårt innover til Nordfjordeid. Det vil vere svært uheldig dersom interesserte aktørar velger ein annan stad å etablere seg, fordi vi ikkje har tilgjengeleg næringsareal.