«Sjølvsagt skal vi bygge ny skule i Måløy»

– Eg kan love både tilsette, foreldre og elevar at alle politikarane i Kinn kommunestyre er like utolmodige og opptekne av at vi skal få dykk ut av brakkeskulen og inn i ein ny skule så fort det er mogeleg å gjennomføre det, skriv Frank Willy Djuvik, gruppeleiar i Kinn Frp.   Foto: Kjellrun Åsebø

Meninger

Dette lesarinnlegget er skrive av Frank Willy Djuvik, gruppeleiar Kinn Frp.

Sjølvsagt skal vi byggje ny skule i Måløy

Elevar, foreldre og tilsette kan ta juleferie i trygg forvissing om at det skal byggast ein ny skule i Måløy. Det finst ikkje ein einaste kommunestyrerepresentant i Kinn kommunestyre som meiner noko anna. Og eg er sikker på at vi i løpet av 2022 skal få gjennomført dei naudsynte prosessane, og få fatta dei politiske vedtaka som gjer det muleg.

Eg har stor forståing for den frustrasjonen og motlausheten som fleire foreldre og tilsette gjev utrykk for i media. Om eg berre skulle legge til grunn det eg har lest i media og sosiale media dei siste dagane, så hadde eg hatt den same frustrasjonen og motlausheten. Å lese overskrift etter overskrift om at Skram skule er nedprioritert, og at det ikkje skal byggast ny skule i Måløy dei næraste åra gjer sjølvsagt til at folk vert både sint og frustrert.

Men slik er det sjølvsagt ikkje. Det skal byggast ny skule i Måløy, og den skal byggast så snart det er praktisk muleg å bygge den. Det som derimot er eit faktum, er at det ikkje vert bygd ny skule i Måløy i 2022, det er ganske enkelt ikkje muleg utifrå den økonomiske situasjonen kommunen er i, og korleis prosjektet i dag står.

Framstegspartiet er eit opposisjonsparti i Kinn. Vi er på ingen måte framand for å kritisere verken den politiske eller administrative styringa av kommunen når vi meiner at det er velgrunna, og det vore fleire gonger dei siste to åra. Samstundes er vi oppteken av at vi skal være konstruktive i å finne dei beste løysingane for å utvikle kommunen og gje innbyggjarane eit best muleg tenestetilbod, noko som gjer at vi heile tida er villig til å diskutere politiske løysingar med dei andre partia, både i posisjon og opposisjon.

I år valde FrP for første gang å stemme for «posisjonen» (AP, Høgre, Venstre) sitt framlegg til budsjett- og økonomiplan. Dette satt ganske langt inne, men vi gjorde det ganske enkelt fordi det var det budsjettet som etter vårt syn i størst grad ville bidra til ei positiv utvikling av kommunen, og ikkje minst at det var det budsjettet som var mest realistisk med tanke på å få realisert bygginga av ny skule i Måløy.

Det er sjølvsagt mogeleg å drive litt kreativ tallmagi i ein økonomiplan, og på den måten la det framstå som at ein prioriterer bygginga av Skram skole. Realitetane er derimot at slik den økonomiske situasjonen i Kinn kommune er ved inngangen til 2022, så er det både urealistisk og uansvarleg å påstå at det er muleg å finne rom for ei investering på 330 millionar kroner. Pengane finst rett og slett ikkje, og då er det heller ikkje mogeleg å bruke dei.

Det kunne sjølvsagt være forlokkande å følge partiet Raudt sitt framlegg, der dei finansierer bygginga av Skram skole ved å auke eigedomsskatten med nær 22 millionar kroner fram til 2025, men dette ville få så store negative konsekvensar at truleg ville ikkje finansieringa halde. Ei så stor auke i eigedomsskatten ville ført til redusert bustadattraktivitet og svekka konkurranseevne for næringslivet, og dei auka inntektene ville gått vekk i redusert folketal og lågare skatteinngang for kommunen.

Og sjølvsagt ville det vore fristande å være populist og berre legge inn ei auke av lånegjelda til kommunen på 270 millionar kroner slik Senterpartiet gjorde i sitt budsjettframlegg, og samtidig seie nei til alle tiltak som skal gje effektivisering og auka økonomisk handlingsrom i kommunen. Heller ikkje dette ville ført til at Skram skole vert realisert raskare, snarare tvert imot.

Dei er tre avgjerande faktorar som må på plass for at kommunen skal klare å løfte investeringa av ny Skram skole. Det er først å fremst å få ned kostnadane på investeringane. Så er det at vi klarer å gjennomføre økonomiske innsparingar i drifta som gjev oss det naudsynte økonomiske handlingsrommet til å realisere prosjektet. Og sist men ikkje minst, så er det at vi klarer å få den naudsynte politiske roen til å jobbe politisk med prosjektet. Kor fort vi klarer å få på plass desse faktorane, vil òg vere avgjerande for kor fort vi klarer å starte bygginga.

Det er framleis ein del arbeid å gjere for å få ned kostnadane på prosjektet. Det er rett og slett ikkje muleg å sjå føre seg at vi skal bygge norges dyraste skule per elevplass i Kinn kommune. Ein kostnad på 330 millionar kroner for 250 elevplassar er for dyrt, og vi har ei klar forventning om at prosjektavdelinga i kommunen legg fram planar for korleis ein kan realisere ny skule billegare. Fleire entreprenørar vi har snakka med er tydelege på at det er fullt mogeleg å bygge skulen billegare, og då må vi sette oss ned å finne dei beste løysingane til både lokalisering, utforming av bygget, men òg til korleis vi organiserer konkurransen, slik at kostnadane vert lågare.

Kinn kommune, som dei fleste andre kommunar, har utfordringar med store demografiske endringar. Det vert fødd færre ungar, medan det vert fleire eldre som treng gode tilbod frå kommunen. Dette fører til at vi må klare å ta ned ressursane vi bruker på oppvekstsektoren etterkvart som barnetallet går ned, samstundes som vi klarer å utvide tilboda for dei eldre og pleietrengande. Hittil har ikkje dei to tidlegare kommunane Vågsøy og Flora, eller den nye kommunen Kinn, klart å fullt ut gjere dette. Det har ført til at vi i dag brukar 35-40 millionar kroner meir i driftsutgifter på grunnskule enn det vi har inntekter til. Dette er eitt av dei områda vi må være villige til å sjå på korleis vi skal redusere utgiftene, samstundes som vi får ei utjamning på kor mykje ressursar vi bruker på kvar elev. På nokre skular bruker vi mykje meir ressursar per elev enn andre, og dette er ikkje rettferdig når vi skal gje likeverdig opplæring til ungane våre.

Budsjettet som no er vedteke er etter vårt syn det einaste budsjettframlegget som tok den økonomiske realiteten på alvor, og sette i gang naudsynte innsparingar og effektiviseringstiltak. Om vi skal ha eit håp om å få fatta vedtak om realisering av Skram skule i løpet av året, så er det heilt avgjerande at vi ser tydelege resultat av tiltaka, og at vi klarer å få på plass det naudsynte økonomiske handlingsrommet. Om ein ikkje klarer å finne økonomien til det, så klarer vi heller ikkje å gjennomføre investeringar. Dette er den viktigaste oppgåva til alle politikarane i Kinn det kommande året, og ein må faktisk være villig til å gjennomføre innsparingar om vi skal klare å gjere investeringar.

Likevel er det ein faktor som vil vere viktigare enn alle andre faktorar om vi skal lukkast med å vedta og realisere ny skule i Måløy. Og det er at alle politikarar i Kinn kommunestyre må roe seg ned, og erkjenne at alle kollegaene i kommunestyret er like opptekne av at vi skal finne gode løysingar og klare å realisere prosjektet. FrP kunne også slengt ut urealistiske framlegg og finansieringar, og deretter gått i avisa og sagt at vi er mykje betre enn alle andre til å prioritere og realisere Skram skole, men vi trur rett og slett ikkje at det fører til at vi kjem i mål. Om vi ikkje klarer å ha nok respekt for kvarandre til at vi kan sette oss ned å diskutere med alle parti i kommunestyret korleis vi skal klare å få på plass gode fasilitetar for å sikre best muleg opplæringsmiljø for elevane, så kjem vi heller ikkje til å få ein god prosess vidare. Mi erfaring etter meir enn 20 år i politikken er at vi kjem lengst når vi samarbeider om å nå dei måla vi har. Og sidan utgangspunktet her er at alle har det same målet, så burde vi og klare å samarbeide om det.

Eg har fått bekrefta av ordføraren at allereie på det første kommunestyremøtet i 2022, 10. februar, så vil vidare framdrift for Skram skole vere eit tema. Her må kommunestyret vere sitt ansvar bevisst, og samarbeide om at vi får fatta dei vedtaka som trengs for å sikre den beste og mest optimale framdrifta for å realisere ein ny skule i Måløy. Vedtaket må være realistisk både med tanke på økonomi og framdrift.

Eg kan love både tilsette, foreldre og elevar at alle politikarane i Kinn kommunestyre er like utolmodige og opptekne av at vi skal få dykk ut av brakkeskulen og inn i ein ny skule så fort det er mogeleg å gjennomføre det. Og de kan gå inn i det nye året i trygg forvissing om at vi no har vedteke eit budsjett som faktisk gjer det realistisk å få fatta dei naudsynte vedtaka om dette i løpet av det nye året.

Med ønske om ei god jul og eit godt nytt år.