«Om berlinerkransar og bacalao …»

Meninger

Denne hyggelege teksten er skrive av Wenche Hovlid Sortvik.

Om berlinerkransar og bacalao …

Ved eit reint tilfelle oppdaga eg nyleg at ei rekkje episodar frå «Fjernsynskjøkkenet» ligg tilgjengeleg på NRK nett. Og – til mi store forundring – innsåg eg at eg har sakna dette programmet! Om det var barndomen sin nostalgi, eller uroa for å ikkje få svoren sprø på svineribba i år, kan eg ikkje svare heilt på. Men midt i hardaste julestria vart eg sitjande å sjå program etter program. Før eg visste ordet av det, hadde Ingrid Espelid Hovig leia meg gjennom både lammegryte, arme riddarar og bacalao. Det var så vidt eg klarte å rive meg laus – før vi skulle til på «Julemat frå Morgedal» ... Med si milde stemme – på ekte Askøy-dialekt, rettleia ho gjennom prosessen trinn for trinn på ypparleg vis. Fekk meg til å tru at eg sjølvsagt kunne klare brasane. At det ikkje kunne gå gale!

Wenche hovland sortvik  Foto: privat

Ingrid Espelid Hovig var eit fast tysdagsinnslag i ei tid der vi ute i distrikta berre hadde ein tv-kanal. 300 sendingar med «Fjernsynskjøkkenet» og over 40 år på skjermen vart det. Med eit lite smil og eit litt skjelmsk skråblikk mot kamera, småpratande og sjarmerande, lærte ho oss ikkje berre å lage mat. Ho lærte oss om kosthald og ernæring. Og om mat som kultur. Vi fekk feire jul ulike stadar i landet, og stifte kjennskap med tradisjonar frå nord til sør. Og alltid fekk vi med ein god porsjon lokalhistorie på kjøpet.

Og medan den eine retten betre enn den andre steig fram; godt hjelpt av at Espelid hadde «juksa litt» for å få fram gangen i det heile, heldt ho småpraten i gong med oss der heime. Ofte med ein metafor om livet sjølv. Bake brød var terapeutisk; ein kunne få ut all sin aggresjon. Og var du tungsindig ein dag – kva med å lage ei gjærdeig? Like sikkert som Espelid garanterte god heving ved bruk av ekte gjær og ørlite hornsalt, lovde ho at humøret vil betre seg betrakteleg.

«Potet er deilig og eg elskar sild». Sa Espelid. Ingen kunne skildre ein koketorsk som ho. «Heilt sprell fersk, med klare utståande auge og glinsande fint skinn – med lukta av frisk sjø». Sjølv den mest ihuga fiskehatar måtte vel late seg freiste. Truleg endra ho det norske folk sine matvanar for alltid … Ikkje berre kunne ho den norske mathistoria – ho følgde med i tida og introduserte oss for all verdas mat. I alle fall kom både pasta og pizza etter kvart på bordet utover 80-talet, også i ei lita bygd ytst i havgapet på Nordvestlandet.

Når oppskrifta kom – i stillbilete på skjermen, med lystig NRK musikk i bakgrunnen – kunne ofte lett kaotiske tilstandar oppstå i stova. No var det om å gjere å finne papir – og ein kulepenn som skreiv! For – det var ingen andre fora for å få vite oppskrifta etter sending.

Det var før internett; før Google. Før YouTube. Og før horden av kjendis-bloggarar inviterte oss inn i sine delikate univers. Det var den gong NRK enno hadde monopol på vår merksemd. Espelid var ein god pedagog. Ho lærte oss om mat som glede. Mat som helseverdi. Og mat som kultur og tradisjon. Men, kanskje var det også noko ved hennar folkelegheit, det alminnelege – og det at ho formidla på dialekt? At ho hadde hjarte for distrikta. Vi kunne assosiere med noko kjent – i den elles sterkt Oslo-orienterte rikskringkastinga.

All verdas oppskrifter ligg berre eit tastetrykk unna i dag. Og er vi i tvil, kan YouTube vise oss korleis. Vi har hjelpemiddel i fleng, og kan kjøpe det meste som ferdigmat. Eg saknar likevel Espelid, som sverja til den gamle tresleiva! Og enn om ikkje hennar venlege vesen, foreint med solid kunnskap og villig evne til å dele små «knep» ho hadde plukka opp på livsvegen (og på husmorsskulen), likevel varer lengst? I alle fall kom ho ut av "tv-ruta", inn i stovene – og inn i hjarta våre. Skildra luktene. Smakane. Og konsistensen. Og det folk, kan Google aldri klare!

Takka vere Espelid si oppmuntrande rettleiing for «julekaker som folk kan ha vanskar med» – vart det både Berlinerkransar og kransekake i år, folk! Med ynskje om ei riktig god førjulstid der heime!