«For to tusen år sidan song englane på Betlehemsmarka. I våre dagar finn vi dei i helsevesenet»

Dette lesarinnlegget er skrive av Øystein Sandøy.   Foto: Erling Wåge

Meninger

Dette lesarinnlegget er skrive av Øystein Sandøy.

«Eit takkens ord til dagens englar»

For nokre dagar sidan fekk eg eit anfall. Nedre del av ryggen, og mellomgolvet kjendest ut som om det sto ein 100 kilos torturist der, og hoppa opp og ned. Som den tosk eg var, trudde eg at ein Paracet eller to ville fikse det lett. Det gjorde det ikkje, og heldigvis var frua sitt hovud kaldare enn mitt. Ho kontakta legevakt, som igjen rekvirerte ambulanse.

Berre nokre minutt seinare sto ambulansepersonellet i stova. Deira blotte nærvær var rein medisin. Etter ymse undersøkingar, samtaler med lege og ei dose morfin gjekk turen til sjukehuset på Nordfjordeid.

Frå det augneblink ambulansen sto på tunet heime, og til eg gjekk ut døra på sjukehuset var eg i verdas beste, tryggaste, mest kompetente og varme hender. Eg vart undersøkt, stelt og degga for som eit sjukt barn av ei kjærleg mor. Etter ei natts søvn, og ytterlegare undersøkingar og testar fekk eg den gledelege beskjed at alt såg fint ut, og eg kunne reise heim. Frisk og fin, og 100 kilo lettare.

Det norske helsepersonellet er verd si vekt i det puraste gull. 24 timar i det daglege – pandemi eller ikkje – gjer dei ein innsats som vi aldri vil finne ord til å takke dei nok for. No, godt på andre året held dei frontlinja, tek dei største risikoane, utestår lange vakter, renonserer på fritid, og syter for at helsevesenet vårt er oppe og går. Strikken blir strekt i det lengste, men han ryk ikkje. Eg fekk nesten dårleg samvit for å «plage» dei i ei tid då dei garantert hadde hendene meir enn nok fulle som det var.

I ei vanskeleg tid ber dei velferdssamfunnet vårt på ryggen. Men høyrde eg eit klagande ord? Ikkje eitt!!! Stikkorda er varme, omsorg, og tryggleiksskapande framferd. For to tusen år sidan song englane på Betlehemsmarka. I våre dagar finn vi dei i helsevesenet. Folk som seier at englar ikkje finst har ikkje peiling på kva dei snakkar om.

Den aller, aller største takk til englane våre! Vengjer har dei kanskje ikkje, men dei er erstatta av noko mykje meir verdifullt: Varme, gode og trygge hender!