«Regjeringa vil ta 1,2 milliardar frå pensjonistane»

Dette lesarinnlegget er skrive av Åge Starheim, pensjonist.  Foto: Marianne S. Rotihaug

Meninger

Dette lesarinnlegget er skrive av Åge Starheim, pensjonist.

Regjeringa vil ta 1,2 milliardar frå pensjonistane

Regjeringa har sendt eit forslag til Stortinget som vil resultere i at pensjonistane vert fråteke 1,2 milliardar i pensjonsauke frå 1. mai 2022. Dette finn vi oss ikkje i.

For 2021 er det vedteke på Storinget at pensjonane skal auke med gjennomsnitt av lønn- og prisveksten, men ikkje høgre enn lønnsveksten. Då trygdeoppgjeret vart gjennomført i mai var det lagt til grunn ein anslått lønnsvekst på 2,4 prosent, og ein anslått prisvekst på 2,8 prosent. Dermed vart auken i pensjon bereikna til å verte lik lønnsveksten på 2,4 prosent. I tillegg vart fleirtalet på Stortinget samde om å sikre full kompensasjon for eit avvik mellom anslått og faktisk lønnsvekst frå 2020 på 1,4 prosent. Når avviket på 1,4 prosent frå 2020 vart lagt til lønnsveksten på 2,4 prosent i 2021, vart det vedteke å auke pensjonen med 3,8 prosent i år.

Prognoser frå Statistisk sentralbyrå (SSB) anslår imidlertid at årets lønnsvekst vert på 3,3 prosent og ikkje 2,4 prosent. Det vil seie 0,9 prosent høgre enn lønnsveksten som vart lagt til grunn for reguleringa i mai i år.

Resultatet er at pensjonistane vil tape 1,2 milliardar på grunn av mindre auke i pensjonane.

Det er ikkje rimeleg at pensjonistane skal få mindre i pensjon på grunn av at regjeringa bomma på sine anslag i mai i år.

Ap og Sp har tidligare medverka saman med andre parti på Stortinget til å betre pensjonistane sine pensjonar enn det Solberg-regjeringa ville vere med på. Solberg-regjeringa ville i årets trygdeoppgjer i mai ta 650 millioner frå pensjonistane, men Ap, Sp, SV og Frp stoppa dei og sikra pensjonistane full kompensasjon fordi det var brukt for lav lønnsvekst i trygdeoppgjeret i 2020. Vi vonar dei også syter for at pensjonistane heller ikkje taper på kommande lønnsoppgjer i 2022.