«Gjennom 200 år med stortingshistorie har berre sju kvinner frå Sogn og Fjordane hatt fast stortingsplass. I denne perioden er det ingen»

Stortingspolitikarane fra Sogn- og Fjordane- benken 2021. Alfred bjørlo Venstre, Erling Sande Senterpartiet, Torbjørn Vereide Arbeiderpartiet og Olve Grotle stortingsrepresentant høgre  Foto: Erling Wåge

Meninger

Her er ein kronikk om den første kvinna frå Sogn og Fjordane som blei stortingspolitikar, Ambjørg Sælthun. Teksten er signert kvinnene i Stortingets presidentskap, Kari Henriksen og Ingrid Fiskaa, samt stortingspolitkarane frå Sogn og Fjordane-benken Alfred Jens Bjørlo, Olve Grotle, Erling Sande og Torbjørn Vereide.

Då Sogn og Fjordane fekk si første kvinne inn på Stortinget, fekk Stortinget samstundes ei husmor og vestlandsbonde som kjempa for større fleksibilitet i korleis ein innrettar liva sine.

Gjennom over to hundre års stortingshistorie, har til saman berre sju kvinner frå Sogn og Fjordane blitt valde til fast stortingsplass. I denne stortingsperioden er det ingen. Den aller første av dei sju kvinnelege stortingsrepresentantane frå Sogn og Fjordane, var Senterpartirepresentanten Ambjørg Sælthun. Ho var fast møtande vararepresentant nokre år før ho blei vald inn fast i 1973. Sælthun var bonde og husmor frå Lærdal og sat på Stortinget i tolv år. I den siste stortingsperioden sin var ho også 2. varapresident.

Grunnen til at vi på Stortinget ser nærare på det politiske livet til Ambjørg Sælthun no, er at det i år er 100 år sidan den første kvinna i landet, Karen Platou, blei vald inn til fast stortingsplass. På Stortinget nyttar vi høvet til å grave i arkiva våre og også trekkje fram andre kvinnelege pionerar på Stortinget. Då må vi også løfte fram Ambjørg Sælthun. For sjølv om vi kan vere usamde i dei politiske sakene kvinnene har kjempa for, er det viktig å løfte fram kvinner som har vore viktige stemmer i politikken og samfunnslivet.

Den aller første av dei sju kvinnelege stortingsrepresentantane frå Sogn og Fjordane, var Senterpartirepresentanten Ambjørg Sælthun.  Foto: Regjeringen

Og det har Ambjørg Sælthun. I 2008 fekk ho Kongens fortenestemedalje i gull for den livslange innsatsen som bonde, organisasjonsmenneske, politikar og stortingsrepresentant. Som første kvinne på Stortinget frå heimfylket var ho ein sann pioner, og ho gjorde ein stor innsats og sette viktige spor etter seg. Ho løfta fram distriktspolitikk, busettingspolitikk og ho kravde at arbeidsinnsats i heim og familie skulle verdsetjast på linje med anna arbeid.

Det første innlegget Sælthuns heldt på Stortinget var som vararepresentant i 1969. I budsjettdebatten tok ho til orde for å bygge ut ei permanent lærarutdanning i Sogn og Fjordane. Fylket hadde mindre del utdanna lærarar enn gjennomsnittet for landet. Ho la vekt på at utbygging av distriktshøgskular også måtte skje utanfor byane : «Elevane må kunne få utdanna seg i ein heimleg atmosfære, og dette er ein føresetnad dersom ein med dette skuleslaget vil motverka avfolkingstendensane i distrikta.»

Det siste innlegget hennar på Stortinget i juni 1985 handla om barne- og ungdomsvernet. Også her la ho vekt på å behalde busettinga og skape gode nærmiljø og familiemiljø for oppvekst: «Skadeverknadane ved oppløyste heimar og splitta familiar rammar ofte barna sterkast. Auka tendens til flytting og mangel på rotfeste i familie og miljø forsterkar problema – vidare mangel på mellommenneskelege kontaktar og trivselsproblem.»

Under handsaminga av stortingsmeldinga om levekåra til barnefamiliane i 1974, tok Sælthun til orde for ein valfridom for kvinner som også inkluderte og respekterte kvinner sitt arbeid i heimen. Ho protesterte mot gjennomgangstemaet i meldinga; at det ideelle skulle vere at begge ektefellar skal ut i arbeidslivet. I staden føreslo ho auka barnetrygd for mindreårige – «kall det gjerne omsorgsløn», samstundes som ho meinte foreldre måtte betale utgifter til eventuelt barnepass. «Ved ei slik ordning vil ein få jamstilling for alle, foreldra vil ha ansvaret for oppsedinga, mor eller far står friare til å velje om dei vil ut i arbeidslivet eller vere heime og ta hand om mindreårige.»

I saka om likestillingslova i 1976 presiserte ho at ei eiga likestillingslov ikkje er den beste løysinga, men at ho heller ville heva statusen til omsorgsarbeid i heimen og tradisjonelle kvinneyrke, både økonomisk og når det gjeld haldningar. Ho ville dessutan leggje til rette for deltidsarbeid. I det vidare arbeidet peikte ho på at likeverd var det viktigaste, «noko som betyr at ein og vil ta omsyn til at det finst grunnleggjande skilnader mellom kjønna.»

I ei oppsummerande vurdering i eit innlegg om likestillingspolitikk i 1985 peikte ho på at kampen for likestilling ikkje var over. «Så langt er vi nok ikkje komne enno.» Men framsteg hadde det vore, for eksempel at gifte kvinner hadde gått ut i yrkeslivet. «Den tida er forbi då dei sat og venta på å bli forsørgde.» Ho peikte på at dette kravde arbeidsplassar, både på heiltid og deltid, og det kravde større toleranse for ulike måtar å innrette familielivet på.

I fleire innlegg slo ho fast at det var langt igjen før bondekvinnene fekk yrkesstatusen dei hadde rett på, på linje med andre. Innsatsen til bondekvinnenes på gardsbruka var avgjerande. På vestlandsgardar med kombinasjonsjordbruk stod ofte kona ofte med hovudansvaret for å drifta garden. Mykje måtte gjerast med både sosiale ytingar, trygdeordningar og skatt for å betre stillinga til bondekvinnene.

Som Sogn og Fjordane-representant sto også samferdslespørsmål sentralt for henne. Ho heldt ei rekkje innlegg om til dømes direkte flyrute mellom Sogn og Fjordane og Oslo, og ho tok opp tydinga av hurtigruta og fylkesbåtane for kystfolket, og særleg kor viktig nattrutene mellom Nordfjord og Bergen var for folk i området.

Gjennom åra på Stortinget sat ho i både Kyrkje- og undervisningskomiteen, Sosialkomiteen og Forsvarskomiteen. Frå 1971 til 1975 sat dessutan Ambjørg Sælthun i Lærdal kommunestyre. I tillegg hadde ho ei lang rekkje offentlege og organisatoriske verv, blant anna var ho styremedlem og formann i Sogn og Fjordane bondekvinnelag, ho var medlem og nestformann i Norges Bondekvinnelag, styremedlem i Norges Bondelag, sentralstyremedlem i Norske kvinners nasjonalråd og formann i Nordens landskvinner.

Representasjon og folkestyre handlar om at alle delar av folket skal kunne vere representerte i styrande organ og få fremja sine ulike syn og erfaringar. Ved stortingsvalet i år, hundre år etter valet av Karen Platou, blei 45 prosent av stortingsrepresentantane kvinner. Det har vore hundre år med radikal endring, og mange har bidrege til dei djuptgripande endringane som gjer at kvinner i Noreg i dag kan ha alle politisk verv. Også i åra framover må vi diskutere korleis vi på Stortinget best kan representere heile det norske folk.